Trange tider i Geiranger
FALL I SMAK: Sjokolade har skapt nye arbeidsplassar i Geiranger. Ferran Masip og Elisabeth Bjørstad lagar sjokoladeovertrekte flatbrød hos Geiranger Sjokolade.
Nytt

Trange tider i Geiranger

Gjer du det bra i Geiranger får du fort eit problem.

11.03.2016
I underetasjen hos Geiranger Sjokolade dyppar Ferran Masip flatbrød i flytande sjokolade medan Elisabeth Bjørstad strør på chili og havsalt, før det tynne sjokoladelaget stivnar. Lukta av sjokoladen fyller lokalet og stig opp i butikken og kafen i etasjen over, i eitt av dei gamle nausta i Geiranger sentrum.
I 2014, fire år etter starten, kunne sjokoladegründer Bengt Dahlberg legge fram eit overskot - og for første gang også ta ut ein vanleg løn.
No om vinteren har han to tilsette, men i turistsesongen - med fullt trykk i butikken/kafen - blir det fleire.

Leitar etter plass

Dahlberg har fått det til, og skulle gjerne hatt meir plass.
Masip og Bjørstad har ikkje store tumleplassen i underetasjen, og heime i privatbustaden til Dahlberg er fleire rom tatt i bruk som lager.
Også bakar Jan Egil Vikstrand har utsal i Geiranger sentrum. Sjølve bakinga gjer han heime i ein ombygd garasje, i huset like ved Hotel Union. Også han har fått det trangt, mindre enn eitt år etter han starta Geiranger Bakeri.
Klokka 11 om kvelden er Vikstrand i gang med brødbakinga, om morgonen klokka seks skal sjåføren vere klar til utkøyring. I tillegg til å forsyne nærmarknaden leverer Vikstrand også til Volda og Ørsta.

Må utvide

Skal det vere grunnlag for heilårsdrift må han utvide, meiner Vikstrand. Men i den ombygde garasjen vil berre det å kjøpe inn ein større eltemaskin vere eit utfordring. Vikstrand treng etter kvart større produksjonslokale. Men kvar?
I fjor hadde han seks tilsette i toppsesongen. I år blir det ni, i tillegg til han sjølv. Han skal og overta som eigar av ein kafe i Volda til våren, og blir då arbeidsgivar for 12 personar på det meste.
Meininga er at Geiranger skal vere utgangspunktet for verksemda, men finn han ikkje større produksjonslokale vil ikkje det vare.
- Då flyttar både eg og bakeriet, seier Vikstrand.

Må skaffe husrom

Som arbeidsgivarar i Geiranger har Dahlberg og Vikstrand ei oppgåve som arbeidgivara dei fleste andre plassar slepp å tenkje på. Dei må finne bustad til tilsette som kjem utanfrå.
Det er ikkje berre næringslokale og næringsareal som er problemet, bygda slit også med bustadmangel.
Skal du starte noko i Geiranger så må du byrje med å finne personalbustad, seier Vikstrand, som sjølv har ein bakar buande på hybel.

Ras blokkerer

Fjorden og dei bratte fjella har gjort Geiranger til ein turistmagnet. Men med bratte fjell følgjer også rasfare, både vinter og sommar. Faren for ei stor utrasing frå Åkernesrenna ute ved Hellesylt, gjer at det er store restiksjonar for bygging ved fjorden heilt opp til Hotell Union. Med mogleg snøskred i tillegg avgrensar det arealet som kan takast i bruk.
Når Stranda kommune heller ikkje er ferdig med regulerings- og beredskapsplan for Geiranger er det i praksis langt på veg stopp inntil vidare. Lokale som kunne blitt tatt i bruk blir ståande, ting står på vent. At Stranda står på Robek-lista er heller ikkje eit pluss. Utbygging kostar pengar, og det har kommunen lite av.
Ordførar Jan Ove Tryggestad i Stranda (sp) vedgår at det hastar. Nyskapingsaktiviteten er høg i Geiranger, og mangel på areal og lokale eit problem.
- Viss vi skal sjå for oss ei utvikling her i Geiranger er vi nøydde til å kome opp med sentrumsnære alternativ, seier han.

Fem hus

Tryggestad kan ikkje seie når har trur kommunen er i mål med reguleringsarbeidet, men seier kommunen mellom anna arbeider med ei regulering som opnar for ei utbygging som tilsvarer cirka fem einebustadar i nærleiken av Norsk Fjordsenter og Hotel Union.
Er det snakk m større næringsbygg - og eventuelt ei samlokalisering av fleire bedrifter - kan utbygging oppe i Flydalsområdet (litt høgare oppe enn utsiktspunktet til Flydalsjuvet) vere eit alternativ. Det er og ei utbygging i samband med ei eventuell bygging av parkeringsanlegg i fjell i sentrum, meiner han.
Viss vi skal sjå for oss ei utvikling her i Geiranger er vi nøydde til å kome opp med sentrumsnære alternativ

Publisert: 11.03.2016 10:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:54