Transportselskap moette veggen
OPPBOD: Sogn og Fjordane tingrett opna konkurs etter at transportselskapet melde oppbod. 
Nytt

Transportselskap møtte veggen

Konkurs etter ti år i bransjen. 

Marius Rosbach
16.11.2020
Liva Transport har meldt etter fleire tøffe år. Selskapet med adresse i Naustdal i Nordfjordeid gjekk med underskott i siste offentlege rekneskap frå 2018 og åra i førevegen viser at lønnsemda har vore mager.
Bustyrar Asbjørn Nordstrand Løvik fortel til NETT NO at han har fått ei orientering frå leiinga om bakgrunnen for konkursen.
– Eg har fått opplyst at dei miste ei større kontrakt i 2018. Dei skal ha posisjonert seg med investeringar for dette, men når dei ikkje fekk avtalen, førte det til at dei ikkje klarte å tene nok til å dekke investeringane, fortel han.

Eigenkapitalen tapt

Rekneskapen for 2018 viser ein negativ eigenkapital, men gjelda utover leverandørgjeld har vore låg – om lag ein million kroner.
I skriv styret at budsjettet for 2019 la opp til nøktern drift og at det blei jobba med å skape høgare inntekter.
Dei konkluderte difor med at det var liten risiko for tap hos kreditorane. Dei viser også til at dei har god kommunikasjon med desse, ifølgje rapporten.

Gaselleselskap i 2017

Selskapet opplevde raskt vekst i åra etter oppstarten i 2011. Fram til 2017 hadde dei kraftig vekst, og kom det året på Gaselle-lista til Dagens Næringsliv over rasktveksande og lønsame bedrifter.
Etter toppåret 2017 med ei omsetning på drygt 25 millionar kroner, peika pilene nedover året etter med inntekter på dryg 20 millionar. Underskot før skatt i 2018 enda på drygt 800.000 kroner.
Bustyrar har fått opplyst at drifta i realiteten blei lagt ned i sommar.
– Det er også ein bransje med ein tøff marknad, mellom anna med aktørar som driv frå utlandet, fortel Løvik.
Første skiftesamling i Sogn og Fjordane tingrett er 11. desember og siste frist for å melde krav er ei veke før.

Publisert: 16.11.2020 13:00

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:30