Trappar opp satsinga paa hydrogenloeysingar
HYDROGENFORUM: Hexagon Purus-direktør Morten Holum har stor tru på Asia.
Nytt

Trappar opp satsinga på hydrogenløysingar

Meiner at Kina-avtale vil opne kjempemarknad for Hexagon Composites.

03.06.2020
Hexagon Purus-direktør Morten Holum opplyste under Hydrogenkonferansen onsdag at selskapet no gjer seg klar til storsatsing i Asia.
Bakgrunnen er at Hexagon har inngått eit joint venture med det kinesiske selskapet Cimc Enric, som er dotterselskap av China International Marine Containers, eit konsern som er børsnotert i Shenzen og Hong Kong, og som er av dei globalt leiande innanfor levering av transportløysingar.
No satsar Kina stort på å gjere transportsektoren rein, blant anna ved å satse på hydrogen.
- Vi skalerer no opp for å entre den største reine energimarknaden i verda.
- I Kina har ein sett eit mål om å ha ein million hydrogen-drivne elbilar innan 2030, sa Holum.

- Vi har teknologien

Medan mange av innleiarane på Hydrogenforum snakka om at det vil ta tid å få dei teknologiske løysingane på plass, sa Holum at innanfor transportsektoren fanst allereie løysingane.
- Vi har teknologien, og vi har leiande partnerar som Toyota og Mercedes.
- Å dekarbonisere transportsektoren er muleg.
Holum viste til at i Nord Amerika var Hexagon største leverandøren av hydrogenløysingar for transportsektoren, spesielt for tunge lastebilar.

Men selskapet er også inne med prosjekt innanfor jernbaner og den maritime industrien.
- Det finst ei enorm mulegheit for å gjere transportsektoren rein, og vi aukar no satsinga innanfor denne sektoren, sa Holum.
Å dekarbonisere transportsektoren er muleg

Publisert: 03.06.2020 18:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58