Tre av fire passasjerar vekke
FÆRRE REISER: Koronapandemien har sett mange fly på bakken og langt færre reisande så langt i år.
Nytt

Tre av fire passasjerar vekke

Pandemien gir framleis sterk nedgang for flytrafikken på lokale flyplassar.

Marius Rosbach
09.02.2021
Den pågåande pandemien med sterke avgrensingar på reise, råkar framleis luftfarten hardt, opplyser lufthamnsjef Tor Hånde på Vigra i ein e-post tysdag.
Nye tal viser at Ålesund lufthamn, Vigra hadde «mista» tre av fire passasjerar førre månad, samanlikna med januar i fjor.
I januar i år reiste 19.671 passasjerar over Vigra, ein nedgang på 74,9 prosent. Utlandstrafikken har naturleg nok størst tilbakegang med 86,3 % i januar. Innlandstrafikken vart redusert med 71,9 % i same periode.
Tala for veke 5 viser ein vidare nedgang på kring 80 prosent i trafikken for Vigra-flyplassen.
Også Ørsta Volda lufthamn Hovden har nedgang på 56,6 prosent i januar i år, samanlikna med i fjor. 3577 passasjerar reiste over Hovden i januar, ifølgje frå Avinor.

Les også:


Publisert: 09.02.2021 13:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:15