Ved Dragsund i Herøy er G. Eilertsen, Sporstøl Bilverksted og Frodes Bilverksted/Aasen Bilverksted i innspurten med sitt nye bilverkstadbygg. Før jul er dei flytta inn.
Geir Eilertsen er ein av partnarane i prosjektet. Han anslår at dei kvar måtte investere rundt ti millionar for å få tilsvarande standard. No reiser dei bygg og anlegg til 23 millionar kroner, samlar 15 tilsette på ein plass og blir ein av dei største bilverkstadane på Søre Sunnmøre.
Til saman hadde dei tre selskapa 40 millionar kroner i driftsinntekter i 2016.
- Det er ikkje mange i Noreg som har gjort dette, seier Eilertsen.
I bygget blir det to driftselskap: G. Eilertsens karosseriskadeavdeling og Toyota Skadeverkstad er det eine. Der blir det biloppretting og lakkering.
Sporstøl Bilverksted er det andre driftselskapet i bygget. Det er ein tradisjonelt frittståande bilverkstad knytt til Mekonomen-kjeda. Der blir eigarskapet 51 prosent Geir Sportstøl, 25 prosent Frodes Bilverksted og 24 prosent Geir Eilertsens selskap Eilertsen Invest.
Frodes Bilverksted og datterselskapet Aasen Bilverksted blir også med inn i det nye bygget sjølv om namnet forsvinn. Eigaren, Frode Aasmo, blir til gjengjeld 40 prosent eigar i driftselskapet G.Eilertsen.
G.Eilertsen har frå før verkstad i Ulsteinvik og på Hareid. Dei avdelingane blir verande, men selskapet flyttar deler av verksemda til Dragsund.
Geir Eilertsen er og ein av medeigarane i bilforhandlarselskapet Bilhallen i Ulsteinvik, som neste år skal selje nye Jaguar- og Land Rover.
Geir Eilertsen er ein av partnarane i prosjektet. Han anslår at dei kvar måtte investere rundt ti millionar for å få tilsvarande standard. No reiser dei bygg og anlegg til 23 millionar kroner, samlar 15 tilsette på ein plass og blir ein av dei største bilverkstadane på Søre Sunnmøre.
Til saman hadde dei tre selskapa 40 millionar kroner i driftsinntekter i 2016.
- Det er ikkje mange i Noreg som har gjort dette, seier Eilertsen.
Deler bygg
Sjølve bygget blir eigd av eitt felleseigd selskap (1/3 kvar), Dragsund Verkstedsenter as.I bygget blir det to driftselskap: G. Eilertsens karosseriskadeavdeling og Toyota Skadeverkstad er det eine. Der blir det biloppretting og lakkering.
Sporstøl Bilverksted er det andre driftselskapet i bygget. Det er ein tradisjonelt frittståande bilverkstad knytt til Mekonomen-kjeda. Der blir eigarskapet 51 prosent Geir Sportstøl, 25 prosent Frodes Bilverksted og 24 prosent Geir Eilertsens selskap Eilertsen Invest.
Frodes Bilverksted og datterselskapet Aasen Bilverksted blir også med inn i det nye bygget sjølv om namnet forsvinn. Eigaren, Frode Aasmo, blir til gjengjeld 40 prosent eigar i driftselskapet G.Eilertsen.
Når heile Søre Sunnmøre
Sporstøl Bilverksted er etablert i Dragsundområdet. Det er og Frodes Bilverksted, medan datterselskapet Aasen Bilverksted ligg på Dimna i Ulstein.G.Eilertsen har frå før verkstad i Ulsteinvik og på Hareid. Dei avdelingane blir verande, men selskapet flyttar deler av verksemda til Dragsund.
Geir Eilertsen er og ein av medeigarane i bilforhandlarselskapet Bilhallen i Ulsteinvik, som neste år skal selje nye Jaguar- og Land Rover.
Publisert: 28.11.2017 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16