Nytt
Tre Island Offshore-fartøy sikra vinteroppdrag
Island Offshore har sikra oppdrag som gjer at tre skip ikkje må ligge ved kai i første kvartal.
20.01.2021
- Det er kontrakter som er kjærkomne i ei vanskeleg tid og i ein vanskeleg sesong, seier dagleg leiar Tommy Walaunet i Island Offshore til NETT NO.
Island Crown, Island Diligence og Island Constructor har fått oppdrag som gjer at dei eit i arbeid i store deler av første kvartal.
Island Crown og Island Dilligence er utstyrt med gangbruer som gjer at fartøya mellom anna kan brukast ved vedlikehald og installasjonsarbeid for vindkraftanlegg til havs. Island Constructor er eit konstruksjonsskip.
Island Offshore-sjef Tommy Walaunet sa til NETT NO at denne stadfestinga gjer at skipet kan halde fram arbeidet utover vinteren. Til vanleg tek desse brønnjobbane til utpå våren.
Island Offshore Group er i gang med runde nummer tre med kreditorane går det fram av 2019- årsmeldinga til Island Offshore Management as, som driv skipa i Island Offshore-systemet.
Forhandlingane med relevante partar for å få til ein avtale etter 2020, starta i andre kvartal i 2020 og er ikkje avslutta.
Island Crown, Island Diligence og Island Constructor har fått oppdrag som gjer at dei eit i arbeid i store deler av første kvartal.
Island Crown og Island Dilligence er utstyrt med gangbruer som gjer at fartøya mellom anna kan brukast ved vedlikehald og installasjonsarbeid for vindkraftanlegg til havs. Island Constructor er eit konstruksjonsskip.
Oppdrag til brønnintervensjonsfartøy
Tidlegare i januar fekk Equinor samtykke til forlenga bruk av Island Wellserver til lett brønnintervensjon på felt i Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet. Ifølgje ei melding frå Petroleumstilsynet, gjeld godkjenninga til mars i år.Island Offshore-sjef Tommy Walaunet sa til NETT NO at denne stadfestinga gjer at skipet kan halde fram arbeidet utover vinteren. Til vanleg tek desse brønnjobbane til utpå våren.
Runde tre med kreditorane
Island Offshore var tidleg ute og reforhandla lånevilkåra etter oljeprisfallet som starta i 2014. Første runde var klar i 2016 og formalitetane i forhandlingsrunde nummer to var klar våren 2018, og gav selskapet ro ut 2020.Island Offshore Group er i gang med runde nummer tre med kreditorane går det fram av 2019- årsmeldinga til Island Offshore Management as, som driv skipa i Island Offshore-systemet.
Forhandlingane med relevante partar for å få til ein avtale etter 2020, starta i andre kvartal i 2020 og er ikkje avslutta.
Det er kontrakter som er kjærkomne i ei vanskeleg tid og i ein vanskeleg sesong
Publisert: 20.01.2021 15:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:12