Tre konkurrenter om Hafast planlegging
FLEIRE ALTERNATIV: Statens Vegvesen vil ha utgreidd fleire alternativ for kryssing av Sulafjorden. Kryssing med eitt spenn (illustrasjonen) er eitt av alternativa.
Nytt

Tre konkurrenter om Hafast-planlegging

Prodtex i Ulsteinvik er med i konkurransen om å planlegge Hafast-sambandet.

17.12.2020

Prodtex er samarbeidspartnar med ingeniørselskapet Dr. techn Olav Olsen, som er eitt av tre selskap som konkurrere om å "utrede brukonseptene for Halsafjorden og Sulafjorden fram til forprosjekt, skriv Statens Vegvesen i ei pressemelding.

Dei to andre i konkurransen er Multiconsult Norge og Rambøll Norge.

Statens Vegvesen varsla i november at det meiner fjorden mellom Hareidlandet og Sula kan kryssast med bru, og at første runde i planlegginga skulle leggast ut på anbod - som no blir gjort.

Tidlegare samarbeid
Prodtex og Dr. tech Olav Olsen har tidlegare samarbeidd om å utgreie ei kryssing av Bjørnafjorden i Hordaland.

Der var jobben til Prodtex å finne ut korleis stålstrukturane i ei 5,4 kilometer lang bru kan byggast enklast og rimlegast råd.

Når skal dei to selskapa samarbeide både om Sulafjord- og Halsafjordkryssinga.

- Vi er med i arbeidsfellesskapet med Olav Olsen, seier dagleg leiar Sigbjørn Nordstrand i Prodtex.

Då Prodtex arbeidde med Bjørnafjordprosjektet var det ei reint konsulentselskap. No har det også etablert produksjon av stålkonstruksjoner i eige anlegg i Vanylven.

Les også: Startar brufabrikken for alvor om kort tid

Fleire alternativ
Statens vegvesen vil har utgreidd fleire alternativ for korleis fjordane kan kryssast.

For Hareidelandet - Sula er det fire alternativ som skal utgreiast, bru med eitt, to eller tre spenn og rørbru.

For Halsafjorden er det ulike bru og flytebru-kombinasjonar som skal vurderast.

Når trase for Sulafjordkryssinga er vald vil Statens Vegvesen og utgreie alternativ for kryssing av Vartdalsfjorden.


Publisert: 17.12.2020 14:21

Sist oppdatert: 17.06.2021 03:59