Tre nye konkursar
Nytt

Tre nye konkursar

Restaurant, reiarlag og trafikkselskap melde oppbod.

Marius Rosbach
16.06.2020
Måndag og tysdag er det opna konkurs i tre selskap i Sunnmøre tingrett. Desse selskapa er: i Langevåg, reiarlaget på Valderøya og i Brattvåg.
Nortrax Veg og Trafikk har spesialisert seg på oppdrag med trafikkavvikling i samband med vegbygging og hadde i 2018 34 millionar i omsetning. Resultatet enda med eit lite minus, etter at 2017 enda med 2,4 millionar i underskott. Skiftesamling i saka skjer 3. august og bustyrar er Cathrin Myre Skram.
Reiarlaget Valder har i siste offentlege rekneskap i 2018 ei omsetning på 24 millionar. Resultatet enda – som dei to året føre – i minus. Skiftesamling blir halde 10. august og bustyrar er Anne N. Hovde.
Pad Thai-restauranten i Brattvåg hadde 1,6 millionar i omsetning i 2018, og drifta gjekk meir enn 200.000 kroner i minus. Bustyrar i denne saka er Trond Svinø og første skiftesamling er 7. september.

Publisert: 16.06.2020 19:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58