Nytt
Tre prisar til NTNU-studentar
Studentbedrifta Minilice frå NTNU Ålesund vann prisen for beste samarbeid med næringslivet under NM for studentbedrifter.
12.06.2020
Ideen til studentbedrifta Minilice er ei felle for lakselus, som blir sett opp i tilknytning til oppdrettsanlegg. Selskapet gir lite informasjon offentleg om korleis dette skal gjerast, men fella skal lokke lusa til seg med ved hjelp av ein attraktor - og dermed hindre at laksen blir angripen.
Seks studentar ved NTNU Ålesund står bak selskapet; Espen Bauge, Maren Sofie Selven, Nathalie Van Walraven, Julie Stølan, Charlotte Eik og Hauk Gjørtz.
Dei direkte kostnadane med å bekjempe lakselus er rekna av Nofima til å vere over fem milliardar kroner i året.
Ved å fange lusa i fella før dei slår seg på laksen kan oppdrettsnæringa spare milliardar, meiner Minilice.
NM for for studentbedrifter går over to dagar, torsdag 11. og fredag 12 juni.
I går, torsdag, gjekk Minilice til topps i konkurransekategoriane "Beste HR-bedrift" og "Beste økonomistyring".
I dag vann dei prisen i kategorien "Beste samarbeid med næringslivet".

Publisert: 12.06.2020 15:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58