Tre ut og ein inn for Kleven
NYTT OPPDRAG: Hurtigruteskipet Fram er på plass ved Kleven-verftet og sikrar meir arbeid til dei tilsette.
Nytt

Tre ut og ein inn for Kleven

Ein trålar, ein lekter og eit hurtigruteskip har nyleg segla frå Kleven. No ligg neste oppdrag til kai.

Marius Rosbach
11.12.2020
Trass i at Green Yard Kleven gjerne skulle hatt arbeid til fleire tilsette, har det vore ein viss aktivitet dei siste dagane med skip som har reist og kome til verftet.
Torsdag kom Hurtigruten sitt ekspedisjonsskip Fram til kai ved Ulsteinvik-verftet. Om bord skal Kleven skifte ut ein stor mengde vindauge.
Reiarlaget har nytta den ufrivillige koronapausen til å ruste opp og gjere vedlikehald ved fleire av skipa sine. Tidlegare på dagen segla MS Vesteraalen frå verftet etter å ha fått installert eit nytt gangvegsystem om bord.

Lekter til Afrika og ingen PSV-avtale

Elles er det ikkje større pågåande arbeid ved verftet for augneblinken etter at kjempelekteren Boa Barges blei slept frå verftet onsdag. No skal den til kysten av Vest-Afrika for eit nytt oppdrag.
– Vi reknar på både mindre og større jobbar, men førebels er det ikkje noko meir som er signert, fortel administrerande direktør Kjetil Bollestad til NETT NO.
Håpet om å kome i hamn med ei kontrakt på den uferdige PSV-en som framleis ligg ved verftet, skal ha stege betydeleg i det siste. Ein aktør som vurderer å fullføre skipet og nytte det i vindmarknaden skal vere årsaka, utan at noko endeleg var klart fredag ettermiddag.

Testar ombygd trålar

Den ombygde trålaren Nordbas har også segla frå verftet nyleg. No testar Nordnes-reiarlaget fartøyet i heimlege farvatn.

– Det ser lovande ut. No har vi finjustert fabrikken og dekkutrustinga i samband med prøvefiske, fortel reiar Tormund Grimstad til NETT NO.
Han legg ikkje skjul på at det har vore eit krevjande år, og prosjektet blei råka av Kleven-konkursen i sommar. Den opphavlege planen var levering i slutten av juni, deretter september og førebels er ikkje trålaren formelt teke i bruk.
– Vi reknar med å vere klare i løpet av nokre dagar. Så håpar vi det blir vanleg fiske mot slutten av neste veke og at jula blir feira i Barentshavet, legg Grimstad til.

Tre driftsmodus og stor batteripakke

Nye Nordbas har ei spesiell historie. Den blei bygd som ein islandsk fiskebåt i 1979. No har den fått ny hekk og ei mengde nytt utstyr om bord. Den er utstyrt for tre ulike driftsmodus snurrevad, enkel trål og dobbeltrål.
Gjenbruk har vore ein raud tråd i prosjektet. Om bord er det også ei batteripakke på 1600 kWt, den største som skal vere installert på eit fiskefartøy.
Ombygginga er eit forskingsprosjekt i seg sjølv, og reiarlaget har fått støtte frå både Enova, Nox-fondet og Innovasjon Norge til arbeidet.

Les også:






Publisert: 11.12.2020 15:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:08