Tredje aar paa rad med nedtur
MISTE AVTALE: Den negative konsekvensen av å miste avtalen med møbelkjeda Møbelringen slo for fullt ut for Sitwell i 2019. Dagleg leiar Geir Hoff ventar ein liten auke i salet i år og seier selskapet har stabilisert drifta på ei lågare driftsinntektsnivå.
Nytt

Tredje år på rad med nedtur

Møbelprodusenten Sitwell dobla driftsinntektene frå 2013 til 2015, men i løpet av dei tre siste åra har inntektene falle tilbake til 2013-nivået.

14.10.2020
Dagleg leiar og medeigar Geir Hoff forklarte nedturen i 2017 med manglande gjennomslag hos kjedene og spådde eit tøft år også i 2018.
Også 2019 blei tøft, viser årsmeldinga for fjoråret, og enda med ei underskot på ein million kroner (sjå resultattabell til høgre - på mobil finn du den nederst på sida.)
I 2018 miste Sitwell avtalen med møbelkjeden Møbelringen og blei sittande att med avtale berre med Fagmøbler-kjeden. Det påverka inntektene negativt alt i 2018, men den negative konsekvensen kom for fullt først i 2019.

For godt vaksne

Møbelprodusenten i Stordal låg i fleire år stabilt rundt 13 millionar kroner i driftsinntekter, men i 2014 og 2015 auka både inntekter og bemanning.

Sitwell lagar møblar for godt vaksne, og har dei siste åra arbeidd med å fornye kolleksjonen. At møblane skal vere lette å sette seg i og reise seg frå framleis er viktig, men utsjånaden må endre seg i takt med smaken til målgruppa.
- Eg kan ikkje sjølv tenkje meg dei møblane vi laga for ti år sidan, sa Hoff til NETT NO i 2014.
I 2017 starta salet å falle, og Hoff peika på at både Sitwell og andre norske produsentar sleit med å få profilert varemerket sitt i butikkane - noko som svekka produsentane.

Sydde smittefrakkar

Møbelfabrikkar med eiga syavdeling er blant dei få industriverksemdene i Noreg som har sykompetanse, og den tok Sitwell i bruk i vår, då koroanaepidemien kom.
Sitwell starta med å sy smittevernfrakkar, og reklamerer framleis med slike frakkar på nettsida si.

Koronaepidemine gav fall i møbelsalet i mars og april, men derifrå er det god ordreinngang og aktivitet, ifølgje årsmeldinga for 2019.
Hoff seier til NETT NO at drifta er stabilisert på eit lågare nivå. Sitwell har i dag 12 tilsette og Hoff ventar ei driftsinntekt litt over 2019-nivået og at selskapet skal gå med overskot.

Publisert: 14.10.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03