Treng fem aar paa aa kome tilbake
MINUSÅR: Hotel Union Geiranger låg an til eit rekordår, med auka besøk også utanom hovudsesongen i år. Koronaepidemien gjer at det i staden blir eit minusår, sjølv om norske gjestar gjorde juli til ein god månad.
Nytt

Treng fem år på å kome tilbake

Hotelldirektør og -eigar Sindre Mjelva trur ikkje reiselivet er tilbake på 2019-nivå før i 2025.

27.08.2020
Hotel Union Geiranger-konsernet låg an til eit rekordår i år, før koronaepidemien kom. Selskapet venta inntektsauke på ti millionar kroner.
- Den korte tragiske versjonen er at fjoråret var eit veldig veldig godt år og at vi låg inne med 96 millionar (forventa inntekter i 2020 basert på bestillingar, red. merk) ved inngangen av året. Det vi sit att med i dag er berre smular, seier Sindre Mjelva om 2019 og utviklinga i år. Han og ektefellen Monja eig og driv Hotel Union Geiranger, gjennom konsernselskapet SM Buick Holding. (sjå tabell - på mobil finn du tabellen nederst på sida).
Juli var ein god månad, men konsekvensen av at besøket frå utlandet svikta og arrangement på hotellet blei avlyst på grunn av koronaepidemine gjer at 2020 blir eit år med underskot - i staden for det lønsame året Mjelva låg an til å få.

Tek fem år å bygge opp

Koroanepidemien og tiltaka mot den har gitt ein svikt i reiselivet som gjer at tilsette i reiselivselskapa verda over misser jobben og selskap går overende eller krympar kraftig.
Konsekvensen er at infrastrukturen som må til for å handtere den reiselivsaktiviteten var er redusert. Kombinert med at aktiviteten som skal sikre besøkande til mellom anna Geiranger og andre reisemål neste år og året etter må gjerast no, og det skjer i langt mindre grad enn før epidemien kom.
Dermed er det uråd å få opp at reiselivsaktiviteten raskt, etter Mjelva si vurdering
- Vi her ikkje tibake til 2019-nivået før i 2025. Det er vi ganske sikre på, seier han.

Fryktar skadeverknadar

Mjelva har tidlegare sagt til NETT NO at han meiner reiselivet må få ekstraordinær støtte til å kome seg gjennom krisa.

Han fryktar store negativet ringverknadar for samfunn som Geiranger om ikkje styresmaktene kjem med nye støttetiltak.


Publisert: 27.08.2020 10:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01