Nytt
Treng fleire ingeniørar
Ingeniørkonsulent-selskapet 7ocean People aukar staben igjen etter etter nedturen.
27.03.2017
- No ser vi at kundane våre svingar seg opp med cruiseskip, fiskefarty, oppdrettsfarty. Alle andre ting enn offshorefarty, seier styreleiar og eigar Knut-Arild Emblem i 7ocean People i Ålesund.
Nedbemanninga i selskapet er over, etterspørselen aukar og framover reknar Emblem med at dei skal rekruttere 10-15 nye ingeniørar.
Selskapet gjekk frå over 40 ingeniørar på topp til under ti tilsette på botn. No er det ny opptur.
Emblem reknar med at starten på ein ny vekstperiode blir god for selskapet. Kundane vil tilpasse seg etterspørselen og ha fleksibiliteten som konsulentbruk gir.
- Marknaden ønskjer å leige inn i staden for å tilsette, seier Emblem.
- Så merka vi at marknaden sakte, men sikkert endra seg, og behovet for konsulentar endra seg, seier dagleg leiar Jorid Sunde.
Lyset gjekk ikkje av med ein gong. Etterkvart som kontraktane gjekk ut blei ikkje alle fornya slik selskapet var van med.
Botnen vart nådd våren 2016. Då var dei to på kontoret og fem ingeniørar ute hos kundane. Deretter snudde det.
Emblem, som grunnla bedrifta, kjøpte tilbake aksjemajoriteten.
Under oljeboomen skreik marknaden etter ingeniørar, og selskapet henta fleirtalet av sine tilsette frå utlandet. No rekrutterer dei først og fremst frå Noreg, og i og med at tyngdepunktet av kundane er på Nordvestlandet er det ingen ulempe å ha adresse her.
- Vi har fleire førespurnadar frå kundar som er på utkikk etter ingeniørar med solid arbeidserfaring, seier Eidsvik.
I deler av ingeniørmarknaden er det allereie stramma til.
- Spesielt innan elektrodesign og stabilitet treng vi fleire ingeniørar, seier Eidsvik.
Nedbemanninga i selskapet er over, etterspørselen aukar og framover reknar Emblem med at dei skal rekruttere 10-15 nye ingeniørar.
Selskapet gjekk frå over 40 ingeniørar på topp til under ti tilsette på botn. No er det ny opptur.
Emblem reknar med at starten på ein ny vekstperiode blir god for selskapet. Kundane vil tilpasse seg etterspørselen og ha fleksibiliteten som konsulentbruk gir.
- Marknaden ønskjer å leige inn i staden for å tilsette, seier Emblem.
Oljeopptur
Etterspørselen nådde toppen for 7ocean People i årsskiftet 2013/2014.- Så merka vi at marknaden sakte, men sikkert endra seg, og behovet for konsulentar endra seg, seier dagleg leiar Jorid Sunde.
Lyset gjekk ikkje av med ein gong. Etterkvart som kontraktane gjekk ut blei ikkje alle fornya slik selskapet var van med.
Botnen vart nådd våren 2016. Då var dei to på kontoret og fem ingeniørar ute hos kundane. Deretter snudde det.
Kjøpte tilbake
2015 enda med to millionar kroner i underskot, som var det første minusresultatet sidan starten.Emblem, som grunnla bedrifta, kjøpte tilbake aksjemajoriteten.
Under oljeboomen skreik marknaden etter ingeniørar, og selskapet henta fleirtalet av sine tilsette frå utlandet. No rekrutterer dei først og fremst frå Noreg, og i og med at tyngdepunktet av kundane er på Nordvestlandet er det ingen ulempe å ha adresse her.
Spesialistar med erfaring
- Vi skal vere leiande på konsulentar til den maritime industrien, seier sals- og rekrutteringssjef Ronny Eidsvik. Selskapet er på jakt etter fleire erfarne ingeniørar. Som resten av staben skal dei kunne gå rett inn i arbeid frå første dag, både som fagekspertar eller i leiarjobbar.- Vi har fleire førespurnadar frå kundar som er på utkikk etter ingeniørar med solid arbeidserfaring, seier Eidsvik.
I deler av ingeniørmarknaden er det allereie stramma til.
- Spesielt innan elektrodesign og stabilitet treng vi fleire ingeniørar, seier Eidsvik.
Publisert: 27.03.2017 09:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07