Treng meir tid paa grunn av forseinka ferjer
PÅ ETTERSKOT: Fjord1-sjef Dagfinn Neteland ber obligasjonslångivarane forlenge dagens lånevilkår lenger enn planlagt.
Nytt

Treng meir tid på grunn av forseinka ferjer

Ferjer som som ikkje blir levert i tide og landstraumanlegg som ikkje er klare gjer at Fjord1-sjef Dagfinn Neteland ber obligasjonslångivarane om å lette på lånevilkåra.

17.06.2020
I morgon får Fjord1 levert den nest siste ferja i det store byggeprogrammet reiarlaget har hatt gåande dei siste åra. Den siste ferja i programmet kjem frå Havyard-verftet i august, og ved årskiftet håpar Fjord1-sjefen at også alle landsinstallasjonane som skal forsyne elferjene med straum er i full drift.
Problemet er at Neteland alt skulle hatt dette på plass for at Fjord1 skulle oppfylle vilkåra for obligasjonslånet på ein milliard kroner.

Elferjene får støtte gjennom Nox-fondet og forskotteringa av ladeinfrastruktene blir dekt av stat og fylke, men først etter at ferjer og infrastruktur er i drift og har vist seg å virke. Det gjer at Fjord1 blir sittande med ei høgare gjeld og dermed lågare eigenkapitalandel i ein lenger periode enn avtalt i lånevilkåra.
Bankane har alt sagt ja og no ber selskapet også obligasjonslångivarane om å gå med på å forlenge gjeldande vilkår, til sommaren 2021.
Obligasjonslångivarane skal møtes 30. juni for å ta stilling til framlegget frå Fjord1.
Der skal obligasjonslångivarane også ta stilling til om dei godtek at lånevikåra blir endra slik at det ikkje er noko i vegen for at Fjord1 blir stroke frå notering Oslo Børs, slik majoritetseigaren Havila Holding-selskapet Havilafjord og partnaren Vision Rigde Partners vil.

Publisert: 17.06.2020 14:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58