Treng ny kai og meir plass etter rekordaar
TRENG NY KAI: Dagleg leiar Vidar Knotten og Ove Henning Hansen i Egersund Herøy fortel at investeringane til eigarane deira kan stå i fare om det ikkje kjem på plass ny kai. 
Nytt

Treng ny kai og meir plass etter rekordår

Egersund Herøy treng å utvide og vil ha kommunen til å bygge ny kai. Viss ikkje, trur dei store investeringar står i fare.

Marius Rosbach
05.10.2020
Notbøteriet Egersund Herøy begynner å få trangt om plassen på Mjølstadneset. Dei har planane klare for utviding av lokala og ny kai. No er dei spente på sakshandsaminga i kommunen.

– Vi har søkt om å få bygge eit nytt notlager på vestsida. I tillegg vil vi bygge på langsmed austsida, fortel dagleg leiar Vidar Knotten til NETT NO.
Han fortel at det dreiar seg om investeringar på 50-60 millionar kroner.

– Avhengig av meir plass

På vestsida ber dei kommunen bidra med bygging av 80 meter ny kai. Mesteparten vil vere som ein pir mot vest, og til saman vil kaia koste drygt 15 millionar kroner.
– Kommunen har valt ei slik løysing for å få ned kostnadene, fortel han.
Ved den 50 meter lange kaia dei har i dag, er det problem med å få plass til alle båtane som kjem. Om dei ikkje får bygge notlager på vestsida – som også fordrar ny kai for å nyttast skikkeleg – er Knotten redd heile investeringa står i fare. Eigarane i Egersund Group har signalisert at dei er avhengig av grønt lyst for planane. Moglegheitene til å bygge ut i andre retningar, er avgrensa.
– Skal vi fortsette å vekse, så er vi avhengig av meir plass, seier Knotten.

– Eit spørsmål om prioritering

Kommunaldirektør Trond Arne Aglen i Herøy fortel til NETT No at det er lagt inn om lag 30 millionar kroner i kommunale investeringar til nye kaier per i dag.

– No skal vi til å lage eit nytt budsjett som politikarane skal ta stilling til. Men dei politiske styringssignala som vi har fått, er at det er eit ønske om å flytte meir investeringsmidlar over til næringsverksemd, seier han.
Samtidig er det fleire aktørar som truleg vil ha behov for nye kaier. Eventuell ny kaibygging i samband med prosjektet for å utdjupe kaia i Fosnavåg, er per i dag ikkje lagt inn i det kommunale investeringsbudsjettet. Også på Mjølstadneset kan Ervik & Sævik og Fosnot i framtida ha behov for meir kaiplass.
– Det kjem til å bli eit spørsmål om prioritering, og kor vi skal bygge først og sist, seier Aglen.

Les også:




Ny rekordomsetning og fleire tilsette

Vidar Knotten fortel at det å drive notbøteri langt på veg er ein livsstilsjobb, der telefonen aldri er slått av. Egersund Herøy hadde ny rekordomsetning i fjor og bikka 72 millionar kroner (sjå tabell til høgre - under om du les på mobil).
Også i år blir det ny rekord fortel Knotten.

– Vi har passert 75 millionar av det som er selt til no, så eg reknar med vi passerer 80, seier han.
Lønnsemda vart også betra frå 2018 til 2019, og driftsresultatet meir enn dobla. Det er tett på ein driftsmargin på ti prosent, der Knotten meiner dei bør vere.
Bedrifta vekst også i talet på tilsette og ha fått åtte nye medarbeidarar i år. No er arbeidsstokken oppe i 26 medarbeidarar.
– Vi har også mange ungdomar som jobbar her på kveldstid, og har vore opp i ti innleigde i tillegg til dei fast tilsette, fortel han.

Vekst i offshore

Egersund Herøy-sjefen fortel at det er nye kundar utanfrå og offshore som gir vekst i inntektene. Sidan 2018 er omsetninga frå offshore meir enn dobla.

– Mykje er ting om ikkje er «hyllevare». Det kan vere til fortøying, som vaierar og tau i spesielle lengder og materiale. Eller det kan vere meir spesialiserte svivel-løysingar, fortel Ove Henning Hansen.
Eit produkt dei har store forventingar til er ein svivel som Equinor har vore med å teste, med gode resultat. Svivelen blir montert direkte på fortøyingane til rigger og andre installasjonar, i staden for at stroppane til bøyene blir festa rett fibertaua – med påfølgjande slitasje.
Det er Hansen som kom med ideen, og dei håpar at svivelen blir sett som standardkrav til fortøying av riggar. Om det går i boks, kan det betyr storsal for Herøy-bedrifta.

Les meir:



Skal vi fortsette å vekse, så er vi avhengig av meir plass

Publisert: 05.10.2020 05:55

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:26