I 2025 gjekk Hofseth Biocare med over 100 millionar kroner i underskot for sjette år på rad (sjå tabell). Ei kapitalinnhenting i fjor sikra at selskapet har positiv eigenkapital og i år ventar selskapet ein positiv kontantstraum, ifølgje i kvartalsrapporten per 4. kvartal. Positiv kontantstraum betyr at det går meir pengar inn enn ut av kassa.
Hofseth Biocare videreforedlar avskjær og restråstoff frå lakseslakteri til ingrediensar til helsekost- og kjæledyrmarknaden. I tillegg arbeider selskapet for å utvikle og få godkjent legemidlar basert på dei samme råstoffa.
Hovudkontoret ligg i Ålesund og produksjonsanlegga i Midsund og på Berkåk.
Selskapa RH Industri og Hofseth International er stor aksjonær i Hofseth Biocare. Roger Hofseth er stor aksjonær i begge.
| Hofseth Biocare ASA | ||
| Per 4. kvartal. I mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 256,4 | 265,5 |
| Driftsresultat | -112,3 | -105,1 |
| Resultat før skatt | -134,7 | -125,0 |
| Hofseth Biocare ASA | ||
| 4. kvartal. I mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 72,2 | 64,9 |
| Driftsresultat | -37,4 | -36,8 |
| Resultat før skatt | -48,3 | -43,7 |
Publisert: 13.02.2026 09:37
Sist oppdatert: 13.02.2026 09:43






