Triste tal fraa Bondalseidet
SLIK SKULLE DET SETT UT: Hovudtraseen på Bondaldseidet manglar snø og det er langt frå silkeføre i fjellet heller høgare oppe, som på dette biletet frå Veirahaldet.
Nytt

Triste tal frå Bondalseidet

Skisesongen 2018/2019 blei ein trist affære for Ørsta Skisenter.

02.01.2020
Ørsta Skisenter har alpinanlegget på Bondalseidet i Ørsta kommmune. Billettinntektene blei meir enn halvert, til 1,3 millionar kroner frå 2017/2018-sesongen til 2018/2019-sesongen.
Selskapet auka andre inntekter, men langt frå nok til å hindre eit kraftig inntektsfall (sjå tabell) og det største underskotet sidan 2013/2014.
"Styret og daglig leder er klar over at noe av aksjekapitalen er tapt. Selskapet arbeider med å få inn flere og større væruavhengige inntekter, samt å redusere kostnadene.", heiter det i reknskapen til selskapet.
Ørsta Skisenter har avvikande reknskapsår, og reknskapen for 2019 viser resultatet for skisesongen 2018/2019. Frå og med 2013/2014-sesongen har Ørsta Skisenter berre hatt eitt år med overskot.

Kommunen største eigar

Ørsta kommune er største eigar i skisenteret, med 27,08 prosent av aksjane. Sparebank 1 Søre Sunnmøre eig 18,68 prosent, Tussa 13,54 prosent og Nordea Bank Norge 11,8 prosent.
Sparebank 1 Søre Sunnmøre er og eigar av hyttefelt ved skianlegget, det eine rett ved bakken, det andre på motsette side av vegen mellom Ørsta og Sæbø.
Banken tok over hytteprosjektet ved skianlegget i Ørsta då Bondalseidet Hytteutvikling gjekk konkurs i 2017. Selskapet hadde 9,1 millionar kroner i gjeld og banken var største långivar. Banken starta sal av tomtene i fjor.

Bondalseidet Hytteutvikling hadde gjort storparten av infrastrukturinvesteringane rett før selskapet fekk finanskrisa i fleisen i 2008/2009.

Publisert: 02.01.2020 13:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48