Trollbryggeriet stangar i taket
UTVIDAR: Dagleg leiar Jørund Ringset i Trollbryggeriet utvidar produksjonskapasiteten med minst 50 prosent frå neste år.
Nytt

Trollbryggeriet stangar i taket

Kapasiteten er sprengt. Trollbryggeriet utvidar etter sitt beste år sidan starten.

28.09.2015
- Vi er greitt fornøgde, seier dagleg leiar Jørund Ringset etter at 2014-tala ligg på bordet.
Aksjeselskapet Trollbryggeriet - som blei skipa i 2011 - er over startfasen i første omgang. Produksjonen av Slogen-øl stangar i taket, som er cirka 100.000 liter i året, og lønsemda er betra til eit godt nivå (sjå tabell). Men eigarane Jørund Ringset (38,5 prosent) og Kjartan Lied (61,5 prosent), vil ikkje stogge der.

- No er vi i ein ny startfase, seier Ringset.

Investerer fem millionar

Trollbryggeriet held i dag til i kjellaren i bygget som ein gong husa butikken i Liabygda i Stranda kommune. Butikken er historie og no er Trollbryggeriet i full gang med å utvide. I alt er det snakk om ei investering på fem millionar kroner, finansiert med eigenkapital, banklån og lån og tilskot frå Innovasjon Noreg.
- Vi driv og stangar i taket i dag, produksjonsmessig, seier Ringset.
Bryggeriet skal flyttast opp i første etasje. I første omgang er det snakk om å utvide kapasiteten med 50 prosent, med rom for ytterlegare vekst utan å måtte gjere større investeringar.

Selskapslokale og omvisning

Bryggeriet får og eige selskapslokale, der det også kan haldast kurs og konferansar. Gjester vil og få tilbod om omvisning i produksjonen.
Målet er å vere ferdig med byggearbeida våren 2016.
Trollbryggeriet har ein avtale som gir landsdekkande distribusjon i Norgesgruppen sine butikkar, samstundes som Slogenølet også blir seld i andre kjeder lokalt.


No er vi i ein ny startfase

Publisert: 28.09.2015 14:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:47