Trur det blir lettare aa sette krav til bygging i Norge
STILTE KRAV TIL NORSK VERFT: Bygging av norske kystvaktskip gir milliardinntekter til norske verft og leverandørar. Då blei det stilt krav til at skipa blei bygd i Norge, og vist til at det dreia seg om militære skip. Bransjesjef Lars Gørvell-Dahll håpar styresmaktene vil gjere det same fleire gonger. 
Nytt

Trur det blir lettare å sette krav til bygging i Norge

Bransjesjef i Norsk Industri saknar tiltak som gjer det lettare for reiarar å bygge nytt - og foreslår eit statleg grønt investeringsselskap.

Marius Rosbach
30.03.2020
Bransjesjef Lars Gørvell-Dahll for maritim næring i Norsk Industri fortel at det går føre seg arbeid i fleire leire for å få på plass ei tiltakspakke som treffer maritim industri.
Til no er tiltaka som er lagt fram frå regjeringa, i hovudsak vore retta mot næringslivet generelt. Mellom anna Maritimt Forum for den maritime industrien, og har kome med fleire forslag.

Kan stille krav til bygging i Norge

Bransjesjefen fortel at han ser tydelege teikn til at det til dømes vil vere lettare å stille krav til at skip blir bygd i Norge.
– EU gir no teikn til at krava om at alt skal ut på internasjonale anbod blir losna opp. Vi har fleire gonger sagt at Norge har vore flinkast i klassen på det område, og vi ønsker at det stillast krav om å bygge i Norge, seier han til NETT NO.
Dette er det tidlegare stilt krav om ved bygging av norske kystvaktskip, utan at det har ført til protestar. at regjeringa kan gjere det same med fregattar til det norske forsvaret, og at det kan gi meir aktivitet hos verft og leverandørar.

Les også:



Trur på statleg investeringsselskap

Gørvell-Dahll saknar tiltak som gir reiarane motiv til å bestille nye skip.
– Kloke hovud meiner man burde opprette eit grønt maritimt investeringsselskap. Det kan vere eit tiltak som gir reiarane betre finansiering. Ved at eit slik selskap til dømes går inn saman med reiarane, for å fordele risikoen, kan det gjere at det er mogleg å få finansiering til prosjekt ein ikkje får i dag, seier han til NETT NO.
Då meiner han det vil vere naturleg å samtidig stille krav om grøne løysingar.

Trur cruise er dødt i lang tid

Bransjesjefen trur cruisemarknaden vil vere stille i lang tid framover, men at dei fleste andre marknadene vil kome tilbake etter koronakrisa.
– Det er om å gjere å sjå kva ein kan få til når industrien kjem ut av bølgedalen etter krisa, seier han.
Gørvell-Dahll peiker på at mellom anna nærskipsflåten har store behov for fornying.

Les også:




Analyse:


Publisert: 30.03.2020 16:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55