Trur ikkje paa nytt rekordsal paa Floe
KJENDE KUNSTNARAR: Med utstilling av blant andre Bjarne Melgard sette Hugo Opdal (biletet) galleriet og bygda Flø på kartet. 
Nytt

Trur ikkje på nytt rekordsal på Flø

I åra 2012-2014 hadde einmannsbedrifta Go With The Flø over tre millionar kroner i inntekter årleg. 

22.09.2020

Dei tidene kjem ikkje tilbake, trur gallerist Hugo Opdal.

Kombinasjonen av ein økonomisk nedtur etter oljeprisfallet og ein litt metta marknad lokalt er ein del av forklaring både på inntekstfallet, og på at Hugo Opdal ikkje trur at salet frå galleriet på Flø i Ulstein vil kome tilbake til før-oljepris-fallet-nivå.

Les også: Oljesjokk på Flø

- Ikkje her på Flø. Det har vore eit eventyr salmessig , men eg trur ikkje det kjem tilbake, seier han.

Gjennom galleriet og kunstfestivalen «Go With The Flø» har Opdal vore med og sett Flø i Ulstein på kartet.

I fjor hadde selskapet 0,3 millionar kroner i driftsinntekter. I år kom koronaepidemien og gjorde at fleire utstillinga og Go With The Flø-festivalen blei avlyst.

Klorar seg fast
Trass inntektsfall og korona har Opdal ingen planar om å gi opp.

- Det er ikkje å legge skjul på at det har vore nokre utfordrande år, men eg prøver på klynge meg fast, seier Opdal.

Ålesund og Oslo
For neste år har han fått støtte frå Norsk Kulturråd til kunst og kulturfestivalen «Go With The Flø». Nok til å kunne gå i gang, seier han om beløpet.

Galleriet har allereie etablert seg med eit lite lokale i Kongens gate i Ålesund, og Opdal ser og etter eit visningslokale i Oslo - for å nå den største kunstkjøparmarknaden i landet. Lokalet i Oslo skal først og fremst vere for å vise kundar kunsten til galleriet etter avtale, men det kan og brukast til kortvarige utstillingar. Målet er å få visningslokalet klart seinast neste år.


Publisert: 22.09.2020 13:25

Sist oppdatert: 19.06.2021 13:17