Trur paa godt bilsal etter koronafall
HOVDEBYGDA: Bjørdal Bil og dagleg leiar Arne Moe med reduksjon i nybilsalet, men trur på kraftig oppsving i takt med at Suzuki og Honda kjem med nye modellar.
Nytt

Trur på godt bilsal etter koronafall

Bilsalet fekk seg ein dett for Bjørdal Bil i april og mai. No trur ein på auka sal, spesielt etter at Honda og Suzuki kjem med nye modellar.

21.07.2020
Bjørdal Bil i Hovdebygda sleit med å få nye bilar frå Honda i fjor, og selskapet opplevde salssvikt og hadde eit resultat før skatt på minus 0,4 millionar kroner.
Dagleg leiar Arne Moe seier at i år har det vore full gass både på verkstedet og karosseriavdelinga, men bilsalet fekk seg ein ny dett i april og mai.
- Folk fekk beskjed om å halde seg mest muleg heime og ikkje kjøpe verken kle eller bilar, noko som heldigvis ser ut å ha hatt god effekt på smittespreiinga, om ikkje anna.
- Bilsalet tok seg opp igjen i juni og var tilnærma normalt. Det ser nokolunde normalt ut hittil i juli også.

Lavare nybilsal

Moe seier at 2019 var eit «mellomår» for både Honda og Suzuki i påvente av nye modellar i år, noko som resulterte i noko lavare nybilsal enn forventa.
Totalt selde Bjørdal Bil i fjor 54 nye og 73 brukte bilar, og omsetninga gjekk ned frå 46,6 millionar i 2018 til 42,4 millionar i 2019.
Trass i leveringsproblema opprettheld Honda ein marknadsandel på Sunnmøre på 1,3 prosent fjor, ned frå 1,6 prosent året før.
På landsabasis er derimot marknadsandelen berre på 0,6 prosent.
Suzuki auka på sin side marknadsandelen på Sunnmøre frå 2,6 til 3,0 prosent, medan ein på landsbasis har 1,6 prosent.

Nye modellar

Arne Moe seier at Honda har tre nye spennande modellar i 2020, blant anna Honda e som er den første heilelektriske modellen frå bilprodusenten, samt dei to nye hybride modellane Honda Jazz Hybrid og Jazz Crosstar Hybrid.
- Desse representerer ei heilt ny teknologisk retning med innføring av «Honda e-technology» som vi vil sjå i tre nye elektrifiserte modellar til i løpet av 2021/22, seier Moe.
Han opplyser at Suzuki har lansert hybridversjonar av modellane Vitara og S-Cross men meiner at største nyheita blir lanseringa av Suzuki Across Plug-In hybrid i september.
- Dette blir toppmodellen i Suzuki sitt program ein stor kraftig SUV 4x4 med 306 hk og elektrisk rekkevidde på heile 75 kilometer.
- Her blir utfordringa å skaffe nok bilar til å dekke etterspørselen då det er stor interesse allereie.

Varebilar

I tillegg til Honda og Suzuki satsar Bjørdal Bil no elektriske varebilar frå Maxus.
Bjørdal Bil har ein samla eigenkapital på 8,0 millionar kroner, og ei lamgsiktig gjeld på 1,7 millionar.
Selskapet har 13 tillsette.
Arne Moe har 52 prosent av aksjane. Resten er fordelt på elleve aksjonærar, der dei to største er Arnold Nogva med 7,34 prosent og Vidar Øyehaug med 6,73 prosent.
Her blir utfordringa å skaffe nok bilar til å dekke etterspørselen då det er stor interesse allereie

Publisert: 21.07.2020 14:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00