Trur paa nye jobbar
IKKJE HEILSVART: Ulsteinordførar Knut Erik Engh leiar ein kommune med 5,5 prosent arbeidsløyse, men fortel at tilbakemeldingane frå næringlivet gjer at han trur mange Ulsteintilsette finn nye jobbar. Biletet er frå då Kleven Verft blei slått konkurs i fjor sommar.
Nytt

Trur på nye jobbar

Ulstein-ordføraren trur mange Ulstein-tilsette finn nye jobbar.

30.01.2021
Ulsteinordførar Knut Erik Engh vart orientert om kutt-planane i Ulstein Group i går. Han trur andre bedrifter vil tilsette mange av dei som no misser jobben.
- Det er ikkje kjekt at det skal gå så mange, men samtidig får vi signal frå det øvrige næringslivet om at ting byrjar å gå betre. Eg reknar med at mange vil få seg ny jobb, seier Engh.

Ulstein kommune har ei arbeidsløyse på 5,5 prosent ved utgangen av januar, viser NAV-tal som kom tidlegare i dag. Nabokommunane Hareid og Herøy har høvesvis 6,1 og 5,5 prosent arbeidsløyse.

Andre verft

Hovudtillitsvald Bjarne Pettersen i Fellesforbundet i Ulstein Group seier både Larsnes Mek. og Myklebust Verft treng folk. På lengre sikt fryktar han nøkkelpersonell kan forsvinne, men meiner at verftet vil klare å fullføre dei to skipa som er under bygging som planlagt.
Arbeidet med å finne ut kven som misser jobben vil starte i februar. Kutta vil ramme alle nivå i organisasjonen.
- Det er ingen som kjem unna her, seier Pettersen.

Såg det kome

Dei tilsette i Ulstein Group vart orientert om dei komande nedskjeringane i dag. Dei tillitsvalde har vore med i prosessen.
- Vi har jobba med dette ei stund. Vi har kome i ein situasjon der ordrane er fråverande, seier Pettersen.

Publisert: 30.01.2021 06:21

Sist oppdatert: 21.06.2021 13:04