Nytt
Trur på fleire kontraktar på ekspedisjonsyachtar
Marin Teknikk aukar på nytt arbeidsstokken og reknar på mange nye kontraktar. Svein Rune Gjerde trur på høg aktivitet framover.
17.05.2018
- Ja, vi arbeider mellom anna med fleire prosjekt innan cruise- og ekspedisjonsyacht-marknaden.
Marin Teknikk stod for design for dei to Kleven-bygde luksusyachtane til den new zealandske milliardæren Graeme Hart.
Tilbakemeldingane på båtane er svært gode, noko som har ført til at fleire andre aktørar har kontakta skipsteiknarane i Dragsund.
- I arbeid og pengar er ein slik kontrakt å samanlikne med 2,5 kontraktar for eit avansert offshoreskip.
Men det tek også tid å få avtalane i hamn.
- Når vi gjer avtale med eit fiskebåtreiarlag i Herøy, er vi gjerne ferdige med forhandlingane etter to-tre møter.
- For ekspedisjonsyachtar er det derimot snakk om svært lange prosessar før kontraktane vert endeleg signerte, seier Gjerde.
- Eg håper inderleg at kontrakten til slutt hamnar hos Kleven. Avgjersla på dette kjem truleg i løpet av juni, seier Gjerde.
For Marin Teknikk er dette ein stor kontrakt.
SS Nukoma, det første skipet de Beers kjøpte hos Kleven kosta 1,2 milliardar kroner og var 113 meter langt.
Om Kleven får oppdraget, vert det i så fall det lengste skipet Kleven har bygt.
- Vi for vår del er godt i gang med arbeidet, og vi har også fått betalt.
- Det er ingen tvil om at skipet skal byggjast, og erfaringane med det første skipet har overgått alle forventningar, seier Gjerde.
- Det ser lysare ut no, og kanskje kan vi i år også få eit offshoreskip etter at vi landa 12 offshorekontraktar i 2015, ei i 2016 og null i fjor.
I tillegg til ekspedisjonsyachtar og diamanleiteskip, har Marin Teknikk siste åra også designa ei rekkje fiskebåtar, og testar no ut nye system for god fiskehandtering.
Dette prestisjeprosjektet har fått heile 133 millionar kroner i Enova-støtte, og aktørane er no i ferd med å ta stilling til kva for eit verft som får oppdraget.
- Vi håpar og trur at det vert eit norsk verft, seier Gjerde.
Han seier at Marin Teknikk-kundane kjem frå heile verda.
- Folket her på kysten er vande med å sjå utover og handle med heile verda. Slik er det også for oss. Singapore og New Zealand ligg berre ei litt lenger flyreise unna.
Marin Teknikk stod for design for dei to Kleven-bygde luksusyachtane til den new zealandske milliardæren Graeme Hart.
Tilbakemeldingane på båtane er svært gode, noko som har ført til at fleire andre aktørar har kontakta skipsteiknarane i Dragsund.
Lange prosessar
For Marin Teknikk er slike kontraktar ekstra kjærkome.- I arbeid og pengar er ein slik kontrakt å samanlikne med 2,5 kontraktar for eit avansert offshoreskip.
Men det tek også tid å få avtalane i hamn.
- Når vi gjer avtale med eit fiskebåtreiarlag i Herøy, er vi gjerne ferdige med forhandlingane etter to-tre møter.
- For ekspedisjonsyachtar er det derimot snakk om svært lange prosessar før kontraktane vert endeleg signerte, seier Gjerde.
Håper på Kleven
Men ein storkontrakt er i boks, og det gjeld design til eit nytt diamantleiteskip til de Beers, eit selskap som har skrive intensjonsavtale med Kleven om bygging av skipet.- Eg håper inderleg at kontrakten til slutt hamnar hos Kleven. Avgjersla på dette kjem truleg i løpet av juni, seier Gjerde.
For Marin Teknikk er dette ein stor kontrakt.
SS Nukoma, det første skipet de Beers kjøpte hos Kleven kosta 1,2 milliardar kroner og var 113 meter langt.
Rekordskip
Det nye skipet vert derimot heile 175 meter langt, og vil truleg ha ein prislapp på godt over 1,5 milliardar kroner.Om Kleven får oppdraget, vert det i så fall det lengste skipet Kleven har bygt.
- Vi for vår del er godt i gang med arbeidet, og vi har også fått betalt.
- Det er ingen tvil om at skipet skal byggjast, og erfaringane med det første skipet har overgått alle forventningar, seier Gjerde.
Kan få offshorekontrakt
Han opplyser at selskapet no trappar opp arbeidsstokken etter at ein i fjor reduserte med rundt 20 tilsette i Polen og med 12 tilsette ved hovudkontoret i Dragsund.- Det ser lysare ut no, og kanskje kan vi i år også få eit offshoreskip etter at vi landa 12 offshorekontraktar i 2015, ei i 2016 og null i fjor.
I tillegg til ekspedisjonsyachtar og diamanleiteskip, har Marin Teknikk siste åra også designa ei rekkje fiskebåtar, og testar no ut nye system for god fiskehandtering.
Trur på norsk verft
Men no er ein også i sluttspurten på prosessen rundt det autonome skipet Yara Birkeland, som skal frakte kunstgjødsel mellom Brevik og Larvik, og erstattar forureinande vegtransport med 130 lastebilar i døgnet.Dette prestisjeprosjektet har fått heile 133 millionar kroner i Enova-støtte, og aktørane er no i ferd med å ta stilling til kva for eit verft som får oppdraget.
- Vi håpar og trur at det vert eit norsk verft, seier Gjerde.
Han seier at Marin Teknikk-kundane kjem frå heile verda.
- Folket her på kysten er vande med å sjå utover og handle med heile verda. Slik er det også for oss. Singapore og New Zealand ligg berre ei litt lenger flyreise unna.
Eg håper inderleg at kontrakten til slutt hamnar hos Kleven. Avgjersla på dette kjem truleg i løpet av juni
Publisert: 17.05.2018 06:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22