Ulsteinordførar Knut Erik Engh vart orientert om kutt-planane i Ulstein Group i går. Han trur andre bedrifter vil tilsette mange av dei som no misser jobben.
- Det er ikkje kjekt at det skal gå så mange, men samtidig får vi signal frå det øvrige næringslivet om at ting byrjar å gå betre. Eg reknar med at mange vil få seg ny jobb, seier Engh.
Ulstein kommune har ei arbeidsløyse på 5,5 prosent ved utgangen av januar, viser NAV-tal som kom tidlegare i dag. Nabokommunane Hareid og Herøy har høvesvis 6,1 og 5,5 prosent arbeidsløyse.
Arbeidet med å finne ut kven som misser jobben vil starte i februar. Kutta vil ramme alle nivå i organisasjonen.
- Det er ingen som kjem unna her, seier Pettersen.
- Vi har jobba med dette ei stund. Vi har kome i ein situasjon der ordrane er fråverande, seier Pettersen.
- Det er ikkje kjekt at det skal gå så mange, men samtidig får vi signal frå det øvrige næringslivet om at ting byrjar å gå betre. Eg reknar med at mange vil få seg ny jobb, seier Engh.
Ulstein kommune har ei arbeidsløyse på 5,5 prosent ved utgangen av januar, viser NAV-tal som kom tidlegare i dag. Nabokommunane Hareid og Herøy har høvesvis 6,1 og 5,5 prosent arbeidsløyse.
Andre verft
Hovudtillitsvald Bjarne Pettersen i Fellesforbundet i Ulstein Group seier både Larsnes Mek. og Myklebust Verft treng folk. På lengre sikt fryktar han nøkkelpersonell kan forsvinne, men meiner at verftet vil klare å fullføre dei to skipa som er under bygging som planlagt.Arbeidet med å finne ut kven som misser jobben vil starte i februar. Kutta vil ramme alle nivå i organisasjonen.
- Det er ingen som kjem unna her, seier Pettersen.
Såg det kome
Dei tilsette i Ulstein Group vart orientert om dei komande nedskjeringane i dag. Dei tillitsvalde har vore med i prosessen.- Vi har jobba med dette ei stund. Vi har kome i ein situasjon der ordrane er fråverande, seier Pettersen.
Publisert: 30.01.2021 06:21
Sist oppdatert: 21.06.2021 13:04