Nytt
Trur på skipstunnel før påske
Samferdsleminister svarte ein utolmodig Jon Georg Dale (Frp) i Stortinget.
Marius Rosbach
22.12.2020
Samferdsleminister Knut Arild Hareide legg til grunn at Stortinget kan behandle proposisjonen for Stad skipstunnel før påske.
Det kjem fram i eit svar på eit skriftleg spørsmål i Stortinget frå Jon Georg Dale.
– Det er utruleg viktig at vi no kjem raskt i gang med bygging av dette viktige prosjektet, påpeiker Dale i sitt spørsmål.
Samferdsleministeren svarar at proposisjonen kjem «så snart som mogleg», og antek at det vil bli før påske. Den vil innehalde ei styrings- og kostnadsramme for skipstunnelen, som er anslått å koste kring 3,45 milliardar kroner å bygge.
Det einaste som kan vere i stand til å rokke eit vedtak om bygging, er truleg om anboda skulle vise seg å bli betydeleg høgare enn venta.
Om alt går etter planen, vil bygginga av skipstunnelen starte i løpet av neste år, eller året deretter. Planlagt opning ligg an til å bli i 2025.
Det kjem fram i eit svar på eit skriftleg spørsmål i Stortinget frå Jon Georg Dale.
Kjem «så snart som mogleg»
Frp-politikaren frå Volda ville vite om Hareide ville legge fram ein investeringsproposisjon for Stad Skipstunnel for Stortinget så raskt som råd, og «i god tid før påske».– Det er utruleg viktig at vi no kjem raskt i gang med bygging av dette viktige prosjektet, påpeiker Dale i sitt spørsmål.
Samferdsleministeren svarar at proposisjonen kjem «så snart som mogleg», og antek at det vil bli før påske. Den vil innehalde ei styrings- og kostnadsramme for skipstunnelen, som er anslått å koste kring 3,45 milliardar kroner å bygge.
Kan stå klar i 2025
I 2021 er det sett av oppstartsmidlar på 75 millionar kroner og prosjektleiar Terje Andreassen for Stad skipstunnel i Kystverket opplyste nyleg til NETT NO at ein entreprenør for prosjektet kan vere klar i løpet av neste år.Det einaste som kan vere i stand til å rokke eit vedtak om bygging, er truleg om anboda skulle vise seg å bli betydeleg høgare enn venta.
Om alt går etter planen, vil bygginga av skipstunnelen starte i løpet av neste år, eller året deretter. Planlagt opning ligg an til å bli i 2025.
Les også:
Analyse:
Publisert: 22.12.2020 15:39
Sist oppdatert: 07.04.2021 21:46