Trur utlendingane kjem saa fort dei kan
OPPLEVINGAR: Rib-turar mellom anna til Runde er populære også blant nordmenn, fortel dagleg leiar Vebjørn Andresen (innfelt) i 62° Nord.
Nytt

Trur utlendingane kjem så fort dei kan

Ein tromsøværing har teke over rolla som dagleg leiar i Flakk-konsernet si reiselivssatsing 62° Nord – som stadig veks.

Marius Rosbach
10.07.2020
Fredag haldt reiselivsbransjen nær sagt pusten i spenning for å høyre om regjeringa ville opne for reiser til og frå store delar av Europa. Bransjen blei bønnhøyrt og allereie frå onsdag neste veke kan .
– Vi opplever at det er ein stor motivasjon i den internasjonale marknaden til å kome hit straks det er mogleg, fortel nystarta dagleg leiar Vebjørn Andresen i 62° Nord til NETT NO.
Sjølv om 2020 aldri blir den sesongen den var meint å bli, er tromsøværingen positivt overraska over kva reiselivsselskapet har fått ut av sesongen.

Siste kl. 12:


( - ekstern lenke)

Ny i jobben

Andresen tok nyleg over rolla som sjef i «nettverksselskapet» i reiselivssatsinga til Flakk Gruppen. Han kom frå jobben som destinasjonssjef for Hurtigruten på Svalbard og fortel at han likar vekststrategien til eigarane i Ålesund.
– Det er eit målretta arbeid med ei portefølje som blir stadig større og meir kjent i den internasjonale marknaden - der Norge opplevast som unikt, påpeiker han.
I løpet av dei siste åra har Flakk Gruppen mellom anna i i Ålesund og jobbar med nye hotellprosjekt både på og .

Les også:




Dobla omsetning siste fem år

Veksten visast igjen i rekneskapen for 2019. Omsetninga enda på drygt 33 millionar kroner. Inntektene auka med drygt ti prosent samanlikna med 2018, og er om lag ei dobling av inntektene dei fem siste åra.
Resultatet enda likevel med underskott på ein dryg million på drifta, ifølgje . (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil).

Kan få opna stor marknad

62° Nord hentar storparten av inntektene sine frå overnatting og mat i samarbeid med dei Flakk-eigde hotella – Hotel Union Øye, Hotel Brosundet og Storfjord Hotel.
Det er alle hotell som til vanleg har mykje besøk frå utanlandske gjestar, og som vil få om regjeringa opnar for reisande frå storparten av Europa frå neste veke.

Storfjord-direktør:


( - ekstern lenke)

Fulle rib-turar

Andresen fortel at sjølv om det er overnatting og matservering som er «inntektsdrivarane» til selskapet, så betyr blir aktivitetar med ulike båtturar meir populært.
– Vi har ulike båtar som rib-ar, daycruiserar og større yachtar der vi har med gjestar om bord. Vi tek også med folk til nisjeprodukt som «wild life»-tur til Runde og restaurantopplevingar på Skotholmen, fortel Andresen.
Han fortel at nordmenn er betalingsvillige når det gjeld opplevingar av høg kvalitet, samtidig er dei vande med å ha eigne båtar og bevege seg i naturen. Det pregar tilbodet.
– Vi har fulle turar på dei daglege avgangar med rib i år også, legg han til.

Les også:






Vi har fulle turar på dei daglege avgangar med rib i år også

Publisert: 10.07.2020 11:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59