Tussa bedrift med kraftig vekst
HOVDEBYGDA: Det er 14 tilsette ved Tussa IKT sitt løysingssenter. Her Harald Kvangarsnes og Andre Sundal i sving saman med dagleg leiar Ivar Driveklepp.
Nytt

Tussa-bedrift med kraftig vekst

Tussa IKT veks kraftig, og stadig fleire går for eit grønt datasenter, men aller mest dei som er langt vekke.

20.12.2019
- Vi har eit grønt datasenter, og dette er mange opptatt av, men det vi ser er at det er store regionale skilnader.
- For tyske kundar som vi har gjennom samarbeidspartnerar er dette svært viktig, for kundar på Austlandet er det også viktig, og så minkar det grøne fokuset til nærare vi kjem datasenteret her i Hovdebygda.
Det seier dagleg leiar Ivar Driveklepp i Tussa IKT.

Nye store kundar

Selskapet opplever kraftig vekst, og omset innan forretningsområdet IT i år for 65 millionar kroner, opp frå 57 millionar kroner i fjor.
- Vi er strålande fornøgde, spesielt etter å ha fått fleire nye og store kundar, seier Driveklepp.
Blant anna har Myklebust Verft vorte kunde med 70 brukarar, Evotec med 100 nye brukarar og Acel med 60 brukarar.
Nyleg vart også MMC First Process kunde med 140 brukarar, og i tillegg har Tyholm & Farstad inngått avtale med 45 brukarar.

210 bedriftsavtalar

Totalt har no Tussa IKT avtale med 210 bedrifter.
Dei fleste er frå Nordvestlandet, men på kundelista finn ein også selskap som Jacobs Douwe Egberts Norge AS, tidlegare Friele i Bergen og Fiskå Mølle som er etablert fleire stader.
Data frå desse bedriftene vert samla i datasenteret i kjellaren på Tussatun i Hovdebygda. Her er det brann- og vassikre rom, tre straumkablar inn, to fiberkablar inn, to dieseleaggregat som koplar seg på ved straumbrot og to straumtavler.
- I tillegg har vi back up-løysing i Dragsund, for dei selskapa som ønskjer det, seier Driveklepp.

Oppvarming

Varmen frå serverane vert samla opp og brukt til å varme opp Tussatun.
Driveklepp seier at det også er lagt opp til å levere overskotsvarme til andre bedrifter i nærområdet.
- Vi har berre utnytta 50% prosent av dagens kapasitet. Etter kvart som vi veks, får vi også meir varmeenergi vi kan dele med andre. Vi kan også utvide datasenteret om det skulle bli behov for det.
Totalt står det rundt 1.500 serverarar i datasenteret.
- Målet er å vekse vidare, men det kan bli utfordrande å oppnå ein like stor vekst neste år som i år.

Fleksible

Driveklepp seier at ei årsak til at mange no vel Tussa IKT er at ein har fleksible løysingar om kundane til dømes vil ha epost-systemet gjennom Microsoft.
- Vi krev ikkje at alt skal vere hos oss. Vi er fleksible og tilbyr hybride skyløysingar.
- I tillegg er kundane opptatt av sikkerheit og å ha god og løpande kontakt.
Det siste er ivaretatt av 14 tilsette på løysingssenteret, som bistår kundane.

Kappløp mot hackarane

Dei tilsette er no med i eit program for å få ISO-sertifisering rundt IT-sikkerheit.
- Sikkerheit skal gjennomsyre alt vi gjer. Dette skal vere ein del av vårt DNA, seier Driveklepp.
Han seier at hackarane vert stadig meir avanserte.
- Dette er eit kappløp, der vi heile tida må vere eit steg framfor dei som gjennomfører angrepa.
- Mange av dagens bedrifter toler ikkje å vere nede datamessig, slik at å ha sikker og god datatilgang vert stadig viktigare. Her har vi mål om å vere heilt i toppen.
Dette er eit kappløp, der vi heile tida må vere eit steg framfor dei som gjennomfører angrepa

Publisert: 20.12.2019 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48