Nytt
Tussa jaktar data-ekspertar
Auka etterspørsel etter datatryggleik gjer at Tussa skal tilsette mellom tre og fem data-ekspertar innan komande halvår.
07.12.2020
- Vi opplever ein kjempeetterspørsel innan It-tryggleik, seier administrerande direktør Ivar Driveklepp i Tussa IKT, eit datterselskap i Tussa-konsernet.
Tussa IKT leverer både datatenester og byggjer ut breiband.
I dag er det omlag 40 av dei tilsette i selskapet som arbeider med datatenester, som mellom anna omfattar drift av eige datalagrinssenter og tryggleikstenester for bedrifter. Tre til fem nye på eit halvt år er den raskaste bemanningsauken selskapet har hatt på dette feltet, og Driveklepp ventar at Tussa er attraktivt nok til å kunne rekruttere innan ei av yrkesgruppene som i dag har lettast for å finne jobb.
Det skuldast både at bedriftene er blitt meir avhengig av at systema virkar, men og å eit auka medvet om faren for dataangrep.
Tussa IKT er partnar med Microsoft, som med sitt Microsoft 365-system, er den mest utbreidde "sky"-baserte tenesta for næringslivet.
Tussa IKT leverer både datatenester og byggjer ut breiband.
I dag er det omlag 40 av dei tilsette i selskapet som arbeider med datatenester, som mellom anna omfattar drift av eige datalagrinssenter og tryggleikstenester for bedrifter. Tre til fem nye på eit halvt år er den raskaste bemanningsauken selskapet har hatt på dette feltet, og Driveklepp ventar at Tussa er attraktivt nok til å kunne rekruttere innan ei av yrkesgruppene som i dag har lettast for å finne jobb.
Auka bekymring
Driveklepp seier han registrerer ei auka bekymring hos bedriftene for angrep og innbrot i datasystema.Det skuldast både at bedriftene er blitt meir avhengig av at systema virkar, men og å eit auka medvet om faren for dataangrep.
Meir i skya
I tillegg til etterspørselen etter vern mot dataangrep treng Tussa IKT også folk til å handtere at fleire kundar baserer seg på tenester der dataprogramma ligg i "skya" - altså på datamaskiner i datalagringssenter langt borte - som bedriftene kobla seg opp mot via internett.Tussa IKT er partnar med Microsoft, som med sitt Microsoft 365-system, er den mest utbreidde "sky"-baserte tenesta for næringslivet.
Publisert: 07.12.2020 13:16
Sist oppdatert: 08.04.2021 17:24