Elling Dybdal Tussa
PENSJONERER SEG: Tussa har starta arbeidet med å finne ny toppsjef, etter at Elling Dybdal har leia selskapet sidan 1993.
Nytt

Tussa jaktar ny toppsjef

Elling Dybdal har leia selskapet i 30 år. Det er rekord.

18.10.2023

- I Tussa har vi ikkje brukt å slite ut direktørane, sier Elling Dybdal, som no skal pensjonere seg etter å ha vore toppsjef sidan 1993.

Den første Tussa-sjefen, Sveinung Berge, leia selskapet i åra 1958-1987.

- Eg skal i alle fall blir den lengst sittande direktøren i Tussa, seier Dybdal om korleis han tenkte då han bestemte seg for når det var på tide å gå av med pensjon.

Sju energiverk
Opphalvleg var Tussa først og fremst ein kraftprodusent med sju lokale energiverk på Søre Sunnmøre som kundar. Dei er no ein del av konsernet.

Då Dybdal tok over som sjef hadde selskapet 45-50 tilsette. No er det 250. I tillegg er Tussa medeigar i nettselskapet Linja og kraftsalselskapet Wattn.

Laurdagsfri
Dybdal vedgår at det er ei lita uvisse knytt til rekorden. Dybdal tel år, ikkje timar:

-Eg har ikkje tatt omsyn til at han (Berge, red. merk) hadde halv kontordag på laurdagen.


Publisert: 18.10.2023 14:36

Sist oppdatert: 18.10.2023 14:36