Tvang foerer sjeldan noko godt med seg
SA NEI: Fylkesordførar Tove-Lise Torve (Ap) og eit samrøystes fylkesting sa måndag nei takk til å overta fiskerihamnene. Berre finans- og prosjektleiarkostnader til Gjøsund-prosjektet i Giske vil kreve minst ein tredel av summen fylkeskommunen får frå staten til drift og vedlikehald av alle dei 36 hamnene. 
Nytt

– Tvang fører sjeldan noko godt med seg

Fylkesordførar Tove-Lise Torve (Ap) er spent på om regjeringa lyttar til kystfylka som nektar å ta over fiskerihamnene.

Marius Rosbach
21.04.2020
Politikarane i Møre og Romsdal vil ikkje overta fiskerihamnene i fylket, slik Stortinget har bedt om i samband med regionreforma. Eit samrøystes fylkesting gjekk inn for innstillinga frå fylkesutvalet i videomøte måndag.
– Møre og Romsdal fylkeskommune kan ikkje ta over dei næringsaktive hamnene før naudsynt finansiering er på plass, heiter det i vedtaket.
(lenke)

Håpar på midlar i revidert budsjett

Neste runde i saka er revidert statsbudsjett som kjem i mai. Då har regjeringa moglegheit til å legge inn meir pengar til drift og vedlikehald – slik også Nordland, Troms og Finnmark har bedt om.
– Vi er veldig spente på om regjeringa lyttar til dei kystfylka som nektar å ta over om vi ikkje får betre finansiering, seier fylkesordførar Tove-Lise Torve (Ap) til NETT NO.
Fylka har tidlegare møtt hos samferdselsdepartementet for å forsøke kome til ein avtale, men utan å lukkast. Stortinget har bestemt at overføringa av til saman 300 hamner frå Møre og Romsdal og nordover skal skje i samband med regionreforma.
Under fylkestingsmøte måndag blei det peika på politikarane frå regjeringspartia, og at dei måtte ta ansvaret for situasjonen.

Vil overta – med betre finansiering

Torve påpeiker at fylkeskommunen ønsker å overta, men at dei må ha meir pengar. Ho håpar å unngå ein tvangssituasjon.
– Det er alltid slik i samfunnet at tvang fører sjeldan noko godt med seg. I utgangspunktet ønsker fylke å ta over fiskerihamnene, fordi vi meiner at vi er betre til å forvalte desse og sjå dei i samanheng med anna infrastruktur, seier ho.

Behov for minst 100 – får 10 mill.

Ifølgje anslag frå Kystverket er det eit vedlikehaldsbehov på minst 100 millionar kroner ved dei 36 hamnene i Møre og Romsdal, etter at lite vedlikehald i ei årrekke har skapt store etterslep.
Staten har på si side berre lagt inn ti millionar som skal dekke skader ved uver, forvaltning og utvikling av nye og eksisterande hamner. Berre det å kunne utføre naudsynt reparasjon og vedlikehald slik at anlegga er trygge for allmenn ferdsel vil bli svært krevjande, heiter det i .
– Vi må minst få den same summen som staten har fått for å handtere dette, og kan ikkje gå med på ein slik reduksjon, seier Torve.

Giske har bedt om støtte

To hamner i Møre og Romsdal – Gjøsund i Giske og Fosnavåg i Herøy har fått tilskott til utdjupingsprosjekt på til saman 213,5 millionar.
I samband med dette har Giske kommune bedt om at fylkeskommunen dekker finans- og prosjektleiarkostnader til Gjøsund-prosjektet.
Berre dette vil bli kreve meir enn ein tredel av heile ramma fylke får tilbod om frå staten – med ei årleg utgift på 3,5 millionar kroner fram til 2024. Kostnadene har ikkje vore medrekna i prosjektet, fordi dette normalt er utgifter som Kystverket hadde utført sjølv.
Vi må minst få den same summen som staten har fått for å handtere dette

Publisert: 21.04.2020 09:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56