Tvilar paa Erna effekten
VIDAREFØRING: Island Offshore har allereie bestemt seg for å utstyre mellom anna forsyningskipet Island Commander (biletet) med batteripakke. Støtteordninga for batterinstallering som statsminister Erna Solberg lanserte i går, gjer liten skilnad samanlikna med gjeldande støtteording, meiner Arnfinn Ingjerd og Tommy Walaunet.
Nytt

Tvilar på Erna-effekten

Island Offshore-sjef Tommy Walaunet og Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum trur regjeringa sitt nye støttetiltak for elektrifisering av skip ikkje gjer stor skilnad, samanlikna med dagens ordning. 

04.11.2020
Under Ålesundsbesøket i går, tysdag 3. november lanserte statsminister Erna Solberg offentleg støtte for å få offshore-, brønnbåt- og fiskebåtreiarar til å monterer batteri ombord. Batteri i kombinasjon med dieseldrift kan brukast til å redusere energiforbruket og dermed utsleppa. Støtte skal delast ut av det offentlege selskapet Enova og dei som søkjer skal få svar på dagen.

- Dette ser veldig bra ut, sa administrerande direktør Geir Bjørkeli i batteripakke-leverandøren Corvus Energy til NETT NO om ordninga. Hans vurdering var at den ville få ein effekt, men korkje Walaunet eller Ingjerd ventar den gjer stor skilnad.
Adminstrerande direktør Asle B. Strønen i sal- og marknadsføringorgansasjonen Norske Skipsverft meinte tiltaka ville ha ein positiv miljøeffekt, men sa at det gjenstår å sjå om die har ein positiv effekt på norske verft.

Liknar på det som er

Walaunet skriv i ein epost til NETT NO at ordninga statsministeren presenterte i går framstår som ei vidareføring av noverande ordning. Island Offshore har ein god dialog med Enova i samband med søknadar. Sjølv om redusert saksbehandlingstid er bra, er det ikkje ein kritisk faktor, ifølgje Walaunet.

Han skriv at tilskotet utgjer 20-25 prosent av kostnaden, og at reiarane difor er avhengige av samarbeid med og bidrag frå kundane til reiarlaget for å gjennomføre slike investeringar.
Walaunet ønskjer seg også ei meir fleksibel støtteording:
"Vi er veldig positive til å gjere ytterligare investeringar i miljøteknologi men tilskotet er dessverre ikkje utløysande åleine – då må tilskotet vere vesentleg høgare eller inkludere anna finansiering av resterande investeringsbehov. Elles kunne vi også tenke oss mindre eksplisitte krav frå Enova, då det kan vere andre tiltak/ investeringar i skipet som kan gi betydelig reduksjon i utslepp, men som ikkje omfattar batteri og derfor fell utanfor programkriteria som ligg til grunn for tilskotet", skriv han i eposten.

Ventar ikkje meir ombygging

Støtteordinga til elektrifisering vil ikkje gi fleire ombyggingsoppdrag for verfta, etter Arnfinn Ingjerd si vurdering. Han er leiar for interesseorganisasjonen Maritimt Forum sin avdeling på Nordvestlandet:
"Tilskudd til elektrifisering var bedre for noen år tilbake, da kunne Enova gi opp til 50 prosent støtte. Det som ble presentert i dag, 9000 kroner i støtte pr kWh i batterikapasitet, vil for de fleste fartøytyper bety en støtte på rundt 20-30 prosent av kostnaden ved å installere batteripakke. I tillegg har batteripakkene blitt betydelig dyrere
Dessverre vil ikke «Batteri i fartøy», føre til flere ombygginger i offshorefartøy. Det har ikke offshore-rederiene evne til å ta på egen kappe i dag, da må i tilfelle oljeselskapene betale.", skriv Ingjerd i ein epost til NETT NO.

Publisert: 04.11.2020 15:31

Sist oppdatert: 07.04.2021 18:59