Vil få ny fart på Fjord kommune
Fylket løyver 2,1 millionar, og kommunen satsar stort på å snu ein negativ spiral.
Fjord kommune slit med stor folketalsnedgang, svake resultat og lågt lønsnivå i bedriftene, og ein negativ spiral det har vore vanskeleg å kome ut av. No skal utviklinga snuast.
Kommunen har vedtatt å starte kommunen Vekst i Fjord 2022-2023, og kultur,- næring- og folkehelseutvalet i fylket vedtok tysdag å løyve inntil 2 150 000 kroner til prosjektet. Frå før har Fjord kommune vedtatt å leggje heile næringsfondet inn i prosjektet.
Bedrifter treng gjødsling
I Fjord kommune er det rundt 2600 innbyggjarar, og har bygder som Stordal, Valldal, Eidsdal og Tafjord. Kommunen vedtok ny strategisk næringsplan i 2021, med visjonen «Gode vekstforhold». I dette ligg det at det finst lokalt funderte bedrifter i Fjord med potensiale til å vekse, men at desse treng «gjødsling» for å utvikle seg.
Kommunen har analysert dei 20 største bedriftene i kommunen over ein fem-årsperiode, og funne at desse samla sett har 1-2 prosent av årleg omsetnad i resultat. I tillegg er lønsnivået blant innbyggjarane i Fjord kommune lågt, både i høve til resten av Møre og Romsdal og landet forøvrig.
Skal hente investorkapital
Fjord kommune vil no jobbe målretta med å snu denne spiralen hos sine bedrifter, gjennom prosjektet Vekst i Fjord. Poenget er å jobbe i djupna saman med den enkelte bedrifta for å finne fram til nye forretningsidéar og -modellar, og så jobbe målretta med å hente investorkapital for å realisere desse. Eit viktig verktøy vil vere å skipe eit lokalt investeringsselskap, Fjord Invest AS, som har til formål å investere for å utvikle lokale bedrifter.
Vekst i Fjord er organisert etter same modell som omstillingsprosjektet Vekst i Stordal. Hovudgrepa er at prosjektleiar jobbar tett på dei enkelte bedriftene, og fungerer som bedriftsrådgjevar. Det er også sett saman ei styringsgruppe med representantar frå mellom anna kommunen, investormiljø, FoU og virkemiddelapparatet.
I prosjektet vil Fjord kommune bruke næringsfondet for å hjelpe bedriftene til å utvikle investeringsprosjekt. Fjord Invest AS skal byggast opp med privat kapital, ikkje offentlege midlar. Målet er et Fjord Invest AS etter prosjektperioden er etablert som eit solid lokalt investeringsselskap, som trekkjer kapital til lokale bedrifter med vekstpotensiale.
Direkte retta mot bedriftene
I saksutgreiinga viser Fylkeskommunedirektøren at det er positivt med eit så målretta initiativ til å skape ny vekst i næringslivet i Fjord. Han viser til at det er mange kommunar som på ulike vis prøvar å snu eller bremse nedgang i folketal og arbeidsplassar.
- Dette prosjektet skil seg ut ved å rette seg direkte mot bedriftene, og hjelpe desse til å sjå og realisere nye moglegheiter.
Han viser til at i Fjord er dei fleste verksemdene små, og travelt opptatt med å få drifta til å gå rundt.
- Det er lite kapasitet til å drive utvikling utover dei bittesmå forbetringane i kvardagen. Å bli utfordra av eit slikt prosjekt, få litt hjelp til å utvikle idéar og få tilgang på kapital kan vere det som skal til for å ta bedrifta vidare og skape nye arbeidsplassar. Det vil ikkje snu folketalsutviklinga, men det vil gje grobotn for at fleire ser moglegheiter i Fjord kommune.
Fylkeskommunen var i utgangspunktet oppfordra til å dekke halvparten av totalbeløpet på vel ni millionar kroner til prosjektet.
Publisert: 30.11.2021 11:59
Sist oppdatert: 30.11.2021 15:50