Vitbit Ole Sande
FOSNAVÅG: Har rigga seg for kraftig vekst. F.v. salssjef Øyvind Grimstad, dagleg leiar Ole Sande og økonomisjef Hallvar Ulfstein. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Tysk gjennombrot med katte- og hundemat

Vitbit med kraftig vekst i salet av katte- og dyrefôr. No kjem Tyskland for fullt.

22.04.2022

- Vi har fått eit gjennombrot i Tyskland og forventar god omsetning der framover.

Det seier dagleg leiar Ole Sande i katte- og dyrefôrprodusenten Vitbit.

Selskapet er Fosnavåg-registrert, med mesteparten av råvarene kjem frå Finefish på Sandsøya.

Etter ein forsiktig start i 2020, selde selskapet katte- og hundefôr for vel fem millionar kroner i fjor.

- Vi forventar ei dobling i år, seier Sande.

Vitbit
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 5 1
Driftsresultat 0,4 0,4
Resultat før skatt 0,4 0,4

Mange produkt
Selskapet har utvikla ei rekke produkt, der mykje kjem frå tørka sei, men det vert no også satsa på produksjon på våtfôr.

- Vi reknar med å kunne lansere nokre variantar av våtfôr innan kort tid, seier Sande.

I Norgesgruppen sine butikkar vert produkta selde under merkenamnet Fauna, medan dei same produkta vert selde under merkenamnet Snadder i Rema-butikkane.

I tillegg har selskqpet sin eigen merkevare Vitbit som vert seld i Felleskjøpet i Norge og i søsterbedriftene i Sverige.

Opning i Sveits
I fjor haust fekk selskapet avtale med Febo, norges største grossist for leveransar til spesialbutikkar.

- I tillegg til Tyskland, er nokre varelinjer også på veg inn i den sveitsiske maknaden, seier Sande.

- Veksten ser ut til å gå som planlagt og vi forventar dobling også i år.

Finefish Ole Sande og Gjermund Bringsvor
SANDSØYA: Ole Sande og Gjermund Bringsvor står bak Finefish, her framfor det nye mottaks- og produksjonsanlegget på Sandsøya.

Nytt anlegg
Vitbit er ein del av Finefish-konsernet, som Ole Sande og Gjermund Bringsvor står bak, med 50 prosent eigarskap kvar.

Finesfish investerte i fjor 44 milionar i nytt mottaks- og produksjonsanlegg for kvitfisk på Sandsøya.

Det aller meste av Vitbit-produkta vert laga på Sandsøya.

Publisert: 22.04.2022 13:20

Sist oppdatert: 29.04.2022 11:27

Mer om