Toeff konkurranse i tunnelane
AUKAR: Geir Gjørsvik har auka arbeidsstokken i Paneda-gruppa frå 17 til 22 i løpet av 2015.
Nytt

Tøff konkurranse i tunnelane

Selje-bedrifta Paneda tapte storkontrakt med knapp margin, men ventar likevel vekst.

08.12.2015
Paneda Dab, eit dotteselskap i Paneda-gruppa, kjempa til målstreken om å bygge ut radiosamband for 46 tunnelar i Hordaland, men tapte med få prosentpoengs margin. Heller ikkje kampen om 22 tunnelar i Sogn og Fjordane nådde selskapet heilt fram.
No ventar dagleg leiar og medeigar Geir Gjørsvik på at oppdraget med bygge dab-radiosamband for 54 tunnelar, frå Vestfold til Vest-Agder blir lagt ut på anbod.
- Vi ventar på eit stort anbod på 54 tunellar, seier Gjørsvik.

Byggjer i Oslo

Sjølv om selskapet ikkje nådde fram i Hordaland og Sogn og Fjordane har Gjørsvik og kollegaene nok å gjere. Tidleg i år vann dei konkurransen om å installere utstyr som gjer det råd å høyre på dab-radio i 22 tunnelar i Oslo-området. Det arbeidet er i full gang, og gjer at selskapet har auka frå 17 til 22 tilsette i løpet av året.

Paneda vart starta av Oddvar Flølo - som saman med Gjørsvik er største eigar - i 2001. Flølo arbeidde med å legge TV-kablar på Hellesylt i 1999 då han fekk ideen til det som er blitt Paneda gruppa, med 17 tilsette og 38 millionar kroner i driftstinntekter (2013-tal).

Passerer 50 millionar

I år reknar Gjørsvik med at gruppa vil passere ei samla driftsinntekt på 50 millionar kroner.
Utbygging av radiosamband i tunnelar blir stadig viktigare. I fjor utgjer slike oppdrag driftsinntekter på rundt åtte millionar kroner, i år rundt 16 millionar.

Publisert: 08.12.2015 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:50