Toeff start for Grim Gryt
DOBLAR: Øyvind Grimstad Gryt og Anders Grimstad i Grim & Gryt Økobryggeri ligg an til ei dobling av salet i år. 
Nytt

Tøff start for Grim & Gryt

Første driftsår blei tøft for ølbryggjarane på Hareid. Doblar salet i år.

20.09.2016
I fjor sommar sa Øyvind Grimstad Gryt og Anders Grimstad opp jobbane sine for å satse som ølbryggjarar på heiltid.

Dei dobla produksjonskapasiteten og tilsette på slutten av året også to personar i Grim & Gryt Økobryggeri, i tillegg til seg sjølve. I starten av 2016 kunne dei gle seg over at bryggeriet deira fekk prisen for Noregs beste tradisjonsøl. Men økonomisk vart det eit tungt år, med eit underskot på 0,3 millionar kroner av 1,1 millionar kroner i driftsinntekter.

Dobla salet

Trass i underskot og negativ eigenkapital, meiner selskapet det likevel er grunnlag for vidare drift.
Så langt i år ligg selskapet an til å doble salet.
Driftsinntektene pr. 1. halvår 2016 er like store som i heile 2015, driftsproblema som gjorde at selskapet måtte tøme ut deler av produksjonen i fjor er redusert. Samstundes har selskapet inngått grossistavtalar som gjer at det får flytta arbeidstid frå distribusjon til produksjon.

Mange konkurrentar

I løpet av få år er det etablert fleire bryggeri på Nordvestlandet, fleire så nye at 2015-tala først og fremst speglar verksemder som er i tidleg i startfasen.
Med 1,1 millionar kroner i driftsinntekter for Grim & Gryt i fjor er det berre Trollbryggeriet i Liabygda på Stranda som var større i nordvest i fjor.

Til saman er de snakk om fem bryggeri, og minst eitt under planlegging i Ålesund i tillegg.
NETT NO har ikkje fått kontakt med Øyvind Grimstad Gryt og Anders Grimstad i samband med denne artikkelen.

Publisert: 20.09.2016 16:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:00