Toeffare for Trollbryggeriet
NY KAPITAL: Jørund Ringset (biletet) og medeigar Kjartan Lied gjekk inn med friske midlar og utvida eigenkapitalen i Trollbryggeriet med 880.000 kroner i fjor.
Nytt

Tøffare for Trollbryggeriet

Jørund Ringset merkar at Trollbryggeriet ikkje lenger er åleine om å fri til patriotiske øldrikkarar.

24.07.2017
Både 2015- og 2016-reknskapen til Trollbryggeriet i Liabygda i Stranda er prega av investeringar i nytt og større produksjonsanlegg og i selskapslokalet Trollstova i tilknytning til bryggeriet.
I fjor vår var alt på plass, men 2016 enda i minus og eigarane har skote inn både pengar og lagt ned gratisarbeid for å kompensere for tapet. No går det betre, men Ringset torer førebels ikkje å spå eit resultat meir enn i balanse for 2017.

Meir krevjande

Utbygginga slo ut i kostnadane, men har også og tatt tid frå marknadsføring og sal.
Dagleg leiar Jørund Ringset seier og det er blitt meir krevjande å få innpass i butikkhyllene, både på grunn av fleire lokale konkurrentar og på grunn av konkurransen frå nye bryggeri generelt.
- For nokre år sidan sto dei berre og jaga oss inn, seier Ringset om responsen i butikkane.

Større konkurranse

På topp i 2014 hadde Trollbryggeriet 3,1 millionar kroner i driftsinntekter. Då var dei praktisk talt åleine om å levere lokalt produsert øl på Nordvestlandet.
No er det seks andre på marknaden, Baatbryggeriet på Vestnes, Tonga Gardsbryggeri i Nordal, Geiranger Bryggeri i Geiranger, Grim og Gryt på Hareid og nykomarane Olden Bryggeri i Stryn og Molo Brew i Ålesund (Les meir under Relaterte saker).
Driftsinntektene for bryggeribransjen på Nordvestlandet er minst dobla sidan 2014, men det er altså fleire om beinet.

Publisert: 24.07.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12