Toeffe startaar for Domstein
FISKEHANDLAR: Rolf Domstein returnerte som reindyrka fiskehandlar etter at Domstein ASA vart tek av børs, og han og brørne tok over deler av det tidlegare børsnoterte selskapet i 2014. Dei to første åra har vore tøffe. 
Nytt

Tøffe startår for Domstein

Comebacket som familieeigd fiskeriselskap vart tøff for Domstein.

14.07.2016
Fram til sommaren 2014 var Domsteinkonsernet eit børsnotert selskap, der brørne Rolf, Gunnar og Knut Magne var store aksjonærar.
Då tok laksemilliardær Gustav Witzøes investeringselskap Kverva over fiskematverksemd i Sverige, medan brørne var sittande att med sjømatsal og distribusjon i Noreg, tradingselskapet og eigedom (sjå og faktaboks og relaterte saker).

Aktivteten er samla i selskapet Domstein as (tidlegare R. Domstein Co), der dei tre eig ein tredjepart kvar.

Minus i starten

Både 2014 og 2015 enda med underskot. Til saman er det snakk om over 30 millionar kroner i minus før skatt (sjå tabell).
Høgare innkjøpskostnadar og negativ valutaeffekt frå import av fisk, utan at selskapet har greidd å auke prisen tilsvarande ut til kundane er ei av av forklaringane på underskotet, i følgje årsmeldinga til selskapet.
Resultatet for 2014 er også tynga av store omstillingskostnadar.
For det tredje tapte Domstein i fjor ein kunde som sto for 10 prosent av driftsinntektene, i følgje årsmeldinga.
(Resultat-tabellen til denne artikkelen viser berre tala for deler av 2014, sidan selskapet først i fjor hadde eit heilt driftsår. Proforma-tala viser at Domstein-konsernet hadde 859 millionar kroner på heilårsbasis i 2014).

Fleire tilsette

Konsernet Domstein as kutta 13 tilsette for å redusere kostnadane etter det svake resultatet i fjor, noko som skal betre resultatet med 15 millionar kroner i år.
Trass nedbemanninga gjekk konsernet Doimstein as ut av 2015 med ein auke i bemanninga frå 89 til 134 årsverk.

Skal refinansiere gjeld

Konsolidisering og effektivisering som er gjort i 2015 gir grunnlag for lønsam vekst, skriv styret i årsmeldinga.
Selskapet har ei lånegjeld på 120 millionar kroner, der storparten er kortsiktig, altså med forfall innan eitt år. Selskapet arbeider med ei refinansiering av den kortsiktig gjelda, der målet er å sikra seg refinansiering i løpet av 2016.

Publisert: 14.07.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58