Toeffe vintrar for Union
SESONG: Når lauvet fell og snøen legg seg på fjelltoppane stengjer dei fleste av reiselivsbedriftene i Geiranger dørene. 
Nytt

Tøffe vintrar for Union

Tøff vinter er grunnen til inntektsnedgangen for Hotel Union i Geiranger i fjor.

08.08.2019
Vinteren kjem til å prege også 2019-reknskapen i følgje hotelldrivar Sindre Mjelva i Geiranger, trass i gode somrar både i fjor og i år.
Det familieeigde hotellet er det klart viktigaste selskapet under SM Buick Holding-paraplyen og er den einaste reiselivsbedrifta saman med Verdsarvsenteret som held heilårsope i Geiranger.
- Vi tel barn i barnehagen og skulen og prøver å halde bygda i gang, seier Sindre Mjelva.

Begge vegar

Mjelva seier det er snakk om eit samspel - hotellet er avhengig av eit fungerande lokalsamfunn og lokalsamfunnet er avhengig av heilårsarbeidsplassar - og han etterlyser at fleire aktørar kjem på banen.
- Det er på høg tid at andre og tek ansvar, seier han.

Fleire individuelle reisande

Kundetilgangen frå næringslivet på Sunnmøre er framleis svært skiftande, og det slår ut i vintersesongen.
Det positive om vinteren er ein markert auke i talet på individuelle reisande, både frå Noreg - og frå april og utover også frå utlandet. Sjølv om det er ein auke frå eit lavt nivå, er det ei oppmuntring til å halde fram med vintersatsinga i følgje Mjelva.
Vi tel barn i barnehagen og skulen og prøver å halde bygda i gang

Publisert: 08.08.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38