Ulsmo inn i Moere Hus
PARTNARAR: Nils Peter Skeide ( økonomi og administrasjonssjef Ulsmo Eiendom ), Jan-Magnus Knudsen ( dagleg leiar i Møre Hus), Ingerid Ulstein ( administrerande direktør i Ulsmo Eiendom), Svein Arne Skotheim ( Leiar eigedomsutvikling i Møre Hus) og Bjørn Sætre ( styreleiar og fagleg leiar i Møre Hus). U
Nytt

Ulsmo inn i Møre Hus

Investeringselskapet Ulsmo blir medeigar i Møre Hus.

20.12.2017
- På sikt har Ulsmo Eiendom ei målsetting om å gjere det meste av sine boliginvesteringar gjennom Møre Hus, seier administerande direktør Ingerid Ulstein i Ulsmo Eiendom i ei pressemelding.
Ulsmo Eiendom er eit dotterselskap av Ulsmo, der søskena Ingerid, Tore, Gunvor, Vegard og Idar Marius er største eigarar.
Ulsmo er største aksjonær i Ulstein Group, men investerer også tungt i eigedom gjennom Ulsmo Eiendom. Selskapet skal bygge 150 leileigheiter på Volsdalsberga i Ålesund, der salet av første byggetrinn nettopp er starta, og er i ferd med å fullføre salet av eit leilegheitsprosjekt på Blindheim i Ålesund.

Kan kjøpe seg opp

Avtalen mellom Ulsmo Eiendom og Møre Hus inneber og at Ulsmo kan kjøpe seg ytterlegare opp til 51 prosent eigarskap i selskapet.
Møre Hus AS har sidan starten bygd cirka 800 bustader. Selskapet har i dag høg aktivitet med større utbyggingar i både Skodje og Haram kommune. Nyleg kjøpte selskapet også betydelege areal i både Vestnes og Ørskog, og ser også på aktuelle område i andre kommunar, heiter det i pressemeldinga.
Møre Hus har hovudkontor på Vatne i Haram kommune. Bjørn Sætre og Svein Arne Skotheim er største eigarar før Ulsmo kom inn på eigarsida.
Les også: M

Mindre bustadar

Møre Hus byggjer både einebustadar og bustadblokker, men det er mindre rekkehusbustadar i prisklassen 2,2 til 2,6 millionar kroner som blir hovudsatsinga framover, sier Skotheim.
Det er ein marknad Skotheim reknar med vil vekse, der kundegruppa både er førstganskjøparar og eldre.
Les også:

Publisert: 20.12.2017 17:47

Sist oppdatert: 19.03.2021 09:53

Mer om