Ulstein aukar bustadsatsinga
SØKJER BUSTADSJEF: Ingerid Ulstein i investeringselskapet Ulsmo er på jakt etter leier for bustadbygginga i dotterselskapet Ulsmo Eiendom.
Nytt

Ulstein aukar bustadsatsinga

Ulsmo Eiendom vil auke satsinga på bustadmarknaden.

26.01.2015
Ulsmo Eiendom skulle i utgangspunktet drive med næringseigedom, og kom litt tilfeldig inn i bustadmarknaden. Det første prosjektet, 74 leilegheiter på Volsdalsberga, gav meirsmak.
-Det var ei grei gjennomkøyring for oss, seier dagleg leiar Ingerid Ulstein i det familieeigde investeringselskapet Ulsmo, som eig Ulsmo Eiendom
No står selskapet bak den største bustadprosjektet på Nordvestlandet, 150 nye leilegheiter på Volsdalsberga, ei utbygging til over ein halv milliard kroner.

Ser etter ny sjef

Etter at Leif Gunnar Brandal sluttar som leiar i Ulsmo Eiendom etter 10 år omorganiserer Ulsmo leinga av eigedomsverksemda. Selskapet er i ferd med å intervjue kandidatar til å leie bustadverksemda i selskapet, medan Ingerid Ulstein blir dagleg leiar. Det inneber meir satsing på bustadmarknaden, i følgje Ulstein.

- Vi ser for oss at vi vil ha to hovudområde innanfor forretningsområdet, utleige (til handel og næring) og bustadar (bygging og sal av leilegheter), seier ho.

Bedre forteneste

Ulstein seier selskapet ikkje har vore heilt nøgd med resultata i næringsbyggmarknaden. Det er vanskeleg å få ei tilfredstillande avkastning frå utleige, det er først og fremst ved sal av eigedomar gevinsten frå investeringane kan hentast ut.
- Det er litt som i shipping, seier Ulstein.
Erfaringane frå bustadsatsinga er at det kan gi raskare og større avkastning, noko som vil kome heile eigedomsatsinga til gode. Men risikoen er sjølvsagt også høgare innanfor bolig.

Ikkje redd for krakk

Ulstein fryktar ikkje at bustadmarknaden skal falle saman, så lenge arbeidsløysa ikkje skyt i veret.
-Pr. i dag har den ikkje auka noko særleg. Eg er ikkje så veldig redd for marknaden framover, seier ho. Skulle marknaden falle vesentleg, vil det kunne skape nye moglegheiter, sier ho.

60 prosent skal ut

Dersom alt går etter planen kan første byggesteg på Volsdalsberg-prosjektet tidlegast stå ferdig i 2017.
Ulstein seier første byggesteg på Volsdalsbergea omfattar tre bygg og 65 leilegheiter. 60 prosent av leilegheitene skal seljast før bygginga blir sett i gang.
Ulsmo Eiendom har og eit prosjekt på 33 leilegheiter på Blindheim under utvikling, der byggestart tildlegast kan bli rundt årskiftet 2015/2016.

Publisert: 26.01.2015 16:15

Sist oppdatert: 19.03.2021 09:51

Mer om