Nytt
Ulstein Betongindustri klar for ny dokk
Ulstein Betongindustri vil byggje ny dokk for 40-50 millionar kroner.
13.08.2015
- Vi meiner det ligg potensiale i å tilby ei større dokk, seier økonomisjef Harald Sætre i Ulstein Betongindustri-konsernet.
Det familieeigde selskapet vil bygge ny dokk på på Kvalneset, nokre få kilometer vest for dagens hovudanlegg i Haddal på vegen mot Ulsteinvik.
Ny dokk vil mellom anna gjere det råd å bygge større fôrflåtar til oppdrettsnæringa og andre større betongkonstruksjonar som til dømes flyteelement i betong til flytebruer.
- Vi er klar, sier Sætre.
Han reknar likevel med at det vil i beste fall vil ta to-tre år før eit anlegg er på plass. Dokk-planane må først godkjennast på fylkesplan, og i tilegg kjem prosjektering og bygging.
- Vi har hatt behov for å styrke ein del funksjonar i konsernleiinga, seier Sætre.
Ei periode i vinter dabba det litt av i ein periode, spesielt for knuseverk og ferdigbetonglevering. Det heng mellom anna saman med at større lokale byggeprosjekt, som badelandet i Herøy og nye Høddvoll, vart ferdig tidlegare i år.
Men spesielt for leveransar til oppdrettsnæringa er ordreinngangen stor og ordreboka tjukk.
- Der ser vi langt inn i 2016, seier Sætre.
Konsernet har hatt så mykje å gjere dei siste åra at utbygging av bustadfelt i eigen regi har ligge litt på is, fordi resten av drifta har gått for full kapasitet.
Det familieeigde selskapet vil bygge ny dokk på på Kvalneset, nokre få kilometer vest for dagens hovudanlegg i Haddal på vegen mot Ulsteinvik.
Ny dokk vil mellom anna gjere det råd å bygge større fôrflåtar til oppdrettsnæringa og andre større betongkonstruksjonar som til dømes flyteelement i betong til flytebruer.
Ny fart
Etter at dokk-planane har ligge på vent nokre år gjer større engasjement frå Ulstein kommune at det no er blitt fart i planlegginga.- Vi er klar, sier Sætre.
Han reknar likevel med at det vil i beste fall vil ta to-tre år før eit anlegg er på plass. Dokk-planane må først godkjennast på fylkesplan, og i tilegg kjem prosjektering og bygging.
Strykar konsernstaben
Ei omorganisering til konsern som starta i 2013 pågår framleis, og gjer at lønsemda ikkje blir like god i år som i fjor (sjå resultattabell).- Vi har hatt behov for å styrke ein del funksjonar i konsernleiinga, seier Sætre.
Nok å gjere
Om lønsemda går litt ned er aktivteten i år minst like høg som ifjor.Ei periode i vinter dabba det litt av i ein periode, spesielt for knuseverk og ferdigbetonglevering. Det heng mellom anna saman med at større lokale byggeprosjekt, som badelandet i Herøy og nye Høddvoll, vart ferdig tidlegare i år.
Men spesielt for leveransar til oppdrettsnæringa er ordreinngangen stor og ordreboka tjukk.
- Der ser vi langt inn i 2016, seier Sætre.
Står på seks bein
I tillegg til å produsere fôrflåtar for oppdrettsnæringa, ferdigbetong og drive knuseverk og lage ferdigbetong, entreprenørverksemd driv Ulstein Betongindustri kran- og transportservice og utbygging av bustadfelt i eige regi.Konsernet har hatt så mykje å gjere dei siste åra at utbygging av bustadfelt i eigen regi har ligge litt på is, fordi resten av drifta har gått for full kapasitet.
Publisert: 13.08.2015 06:00
Sist oppdatert: 16.07.2021 13:09