Nytt
Ulstein Design & Solutions inn på «topplista»
Ei ny bedrift mellom bedriftene på Nordvestlandet som har fått mest kontantstøtte på grunn av koronakrisa - og eitt hotellselskap er einaste som har fått meir enn to millionar.
Marius Rosbach
17.06.2020
I løpet av dei siste vekene har de kome meir støtte til ein rekke selskap frå kompensasjonsordninga som er oppretta som følgje av koronakrisa.
Ulstein Design & Solutions er likevel einaste nye selskapet på «topp-ti-lista» for Møre og Romsdal og Nordfjord, med 1,1 millionar i støtte (sjå lista under).
Sidan då har eit anna hotellselskap Hotelldrift Ålesund klatra til topps med 2,3 millionar i tildelt støtte. Selskapet står for drifta av Scandic Parken Hotel i Ålesund sentrum. Bilutleigeselskapet Bjarne Øverland kjem inn bak desse med nær 1,6 millionar kroner.
Hotelldirektør Richard Grov ved Alexandra-hotellet er mellom dei som har vore skeptisk til utrekningsmetoden, og at ordninga ikkje treff godt nok. Grov viste til at ordninga førebels har kosta langt mindre enn det regjeringa gjekk ut med då den blei lansert.
Regjeringa har sett av 50 milliardar til ordninga, og til no er nærare 2,5 milliardar av dei gått til råka bedrifter. Det gir eit snitt på utbetalingane på kring 59.000 kroner.
Statssekretær Kari Olrud Moen (H) i finansdepartementet uttalte til NETT NO i mai at dei rekna med at snittbeløpet ville auke betydeleg etter kvart som fleire større bedrifter også nytta seg av ordninga.
Sjå topplista for Møre og Romsdal og Nordfjord under
Desse bedriftene har fått støtte for både mars og april
.
Ulstein Design & Solutions er likevel einaste nye selskapet på «topp-ti-lista» for Møre og Romsdal og Nordfjord, med 1,1 millionar i støtte (sjå lista under).
Fleire hotell på topp
var det Hotel Alexandra som hadde fått mest med litt meir enn 1,9 millionar i støtte for tapte inntekter i mars og april. Hotel Union Geiranger låg på 2. plass med litt under 1,9 millionar.Sidan då har eit anna hotellselskap Hotelldrift Ålesund klatra til topps med 2,3 millionar i tildelt støtte. Selskapet står for drifta av Scandic Parken Hotel i Ålesund sentrum. Bilutleigeselskapet Bjarne Øverland kjem inn bak desse med nær 1,6 millionar kroner.
Har fått kritikk
Støtta blir gitt til selskap som har hatt store inntektstap som følgje av koronakrisa. Den blir rekna ut på bakgrunn av faste utgifter som husleige og liknande.Hotelldirektør Richard Grov ved Alexandra-hotellet er mellom dei som har vore skeptisk til utrekningsmetoden, og at ordninga ikkje treff godt nok. Grov viste til at ordninga førebels har kosta langt mindre enn det regjeringa gjekk ut med då den blei lansert.
Regjeringa har sett av 50 milliardar til ordninga, og til no er nærare 2,5 milliardar av dei gått til råka bedrifter. Det gir eit snitt på utbetalingane på kring 59.000 kroner.
Statssekretær Kari Olrud Moen (H) i finansdepartementet uttalte til NETT NO i mai at dei rekna med at snittbeløpet ville auke betydeleg etter kvart som fleire større bedrifter også nytta seg av ordninga.
Sjå topplista for Møre og Romsdal og Nordfjord under
Les også:
Grov:
Fjordbuda Nordvest:
Bedrifter tildelt mest kontantstøtte i Møre og Romsdal og Nordfjord
- Hotelldrift Ålesund 2.362.035,-
- Hotel Alexandra i Stryn 1.934.129,-
- Hotel Union Geiranger 1.884.262
- Bjarne Øverland AS - 1.584.009,-
- Sverre Farstad & Co - 1.298.336,-
- Linjebygg – 1.254.211,-
- Ulstein Design & Solutions - 1.092.342,-
- Brunvoll - 914.427,-
- Sprek365 Nordvest - 829.015,-
- Fjordbuda Nordvest - 782.724,-
Desse bedriftene har fått støtte for både mars og april
.
Publisert: 17.06.2020 09:39
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58