rettssal illustrasjon foto marius 11
UTVIKLINGSSELSKAP: Det konkursråka Ulstein-selskapet har jobba med å utvikle ei frackingpumpe til oljeindustrien, men kom aldri i mål med å kommersialisere produktet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ulstein-firma konkurs med høg gjeld

Laga frackingpumpe til oljeindustrien - men kunde trakk seg.

Marius Rosbach
10.03.2025

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i Ulstein-selskapet Impact Solutions. 

Selskapet hadde ei gjeld på 16 millionar kroner og verdiar for kring 6,3 millionar ifølgje rettspapira. 

Bustyrar Cathrin Myre Skram har ikkje møtt representantar for selskapet. Ho har difor lite informasjon om årsaka til at selskapet melde oppbod no, men har fått opplyst at det skal ha dreia seg om ein investor som trekte seg. 

Første skiftesamling er planlagt 28. april. 

– Vi var nære eit gjennombrot
Firmaet som blei etablert i 2015, har jobba med å utvikle ei frackingpumpe til oljeindustrien, ifølgje Vikebladet

Styreleiar Are Garshol seier til avisa at det var ei nyvinning dei hadde tru på, men at dei ikkje kom i mål med å kommersialisere produktet. 

– Vi var nære eit gjennombrot, uttaler han. 

Største eigar i det konkursråka selskapet var Impact Engineering AS, der mellom anna Jogeir Romestrand, Idar Hatløy og Tore Rødal med familie, er mellom eigarane. 

Kunden ville ikkje ha produktet
Det har knapt vore inntekter i selskapet sidan oppstarten. 

Unntaket er 2020. I rekneskapen for det året går det fram at selskapet hadde utvikla ein prototype for ein kunde som ikkje ville overta produktet.

Firmaet fekk i løpet av året betalt kring 42 millionar kroner som eit forskott – som svara til selskapet sine kostnader.

Fekk millionstøtte frå Innovasjon Norge
Siste rekneskap for selskapet er frå 2022. 

Ved utløpet av det året hadde selskapet eigenkapital på 6 millionar og samla gjeld på kring 10,7 millionar. 

Det året fekk firmaet også støtte frå Innovasjon Norge på kring 3,9 millionar kroner for å vidareutvikle prototypen selskapet jobba med.

Publisert: 10.03.2025 11:14

Sist oppdatert: 10.03.2025 11:14

Mer om