Nytt
Ultimatum til fiskerinæringa
Regjeringa vurderer å påby at all fisk skal seljast på auksjon.
09.01.2020
Fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik gav aktørane i fiskerinæringa eit ultimatum då han møtte næringa på Ombordfrystkonferansen i Ålesund i dag.
Finn ei løysning som sikrar at fisken som blir fiska blir tilgjengeleg for alle. Skjer ikkje det, kjem regjeringa til å vurdere eit påbod om at all fisk skal seljast på auksjon.
- Det er heilt opplag at det er bedrifter som ikkje får råstoff i periodar. Blant anna på grunn av dette (at fisk blir seld utanom auksjon, red merk), seier Nesvik til NETT NO.
Fiskesalslaga - som har monopol på førstehandsomsetninga av fisk - har lagt fram eit forslag til endringar.
- Vi vil foreslå delvis tvungen auksjon på frose råstoff, sa administrerande direktør Sveinung Flem i Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag (Surofi) til NETT NO i september 2019.
Surofi, Norges Råfisklag og Norges Sildesalgslag er dei tre største fiskesalslaga. Omlag halvparten av all fisken som høyrer til under Surofi sitt område blir seld på auksjon, anslår Flem.
For torsk er det snakk om cirka 40 prosent på auksjon.
Finn ei løysning som sikrar at fisken som blir fiska blir tilgjengeleg for alle. Skjer ikkje det, kjem regjeringa til å vurdere eit påbod om at all fisk skal seljast på auksjon.
- Det er heilt opplag at det er bedrifter som ikkje får råstoff i periodar. Blant anna på grunn av dette (at fisk blir seld utanom auksjon, red merk), seier Nesvik til NETT NO.
Fiskesalslaga vil ha meir auksjon
Frå kjøparsida er det reist kritikk mot at fiskebåtreiarlag etablerer eigne salsselskap, og tek hand om sal og distribusjon sjølve. Det er og strid om fisk som blir seld på lange kontrakter. Begge deler gjer det vanskeleg å få tak i fisk, sjølv om både betalingsvilje og -evne er der, slik fiskeindustrien ser det.Fiskesalslaga - som har monopol på førstehandsomsetninga av fisk - har lagt fram eit forslag til endringar.
- Vi vil foreslå delvis tvungen auksjon på frose råstoff, sa administrerande direktør Sveinung Flem i Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag (Surofi) til NETT NO i september 2019.
Tema på medlemsmøte
Framlegget frå fiskesalslaga er ute til diskusjon og blir mellom anna tema på eit medlemsmøte i Fiskebåt i morgon. Fiskebåt er bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen til eigarane av den havgåande fiskeflåten.Surofi, Norges Råfisklag og Norges Sildesalgslag er dei tre største fiskesalslaga. Omlag halvparten av all fisken som høyrer til under Surofi sitt område blir seld på auksjon, anslår Flem.
For torsk er det snakk om cirka 40 prosent på auksjon.
Publisert: 09.01.2020 11:43
Sist oppdatert: 06.05.2021 09:35