Ultimatum til Tussa styret
HARDT MOT HARDT: Ørsta, Volda, Herøy, Hareid, Ulstein og Vanylven eig 75 prosent av aksjane i Tussa og har budsjettert med utbytte etter 2019. Ørsta-ordførar Stein Aam står i spissen for eigarane, som set hardt mot hardt i striden med Tussa-styret.
Nytt

Ultimatum til Tussa-styret

Dersom styret i Tussa ikkje vil betale ut utbytte for 2019, blir det skifta ut.

15.06.2020
Ultimatumet kjem frå ordførar Stein Aam i Ørsta kommune, som er største eigar i Tussa.
I dag fronta Aam fleire kommunar på generalforsamlinga i selskapet, der behandlinga av reknskapen og spørsmålet om utbytte blei utsett til juni.
Aam er klar på kva som er målet. Tussa skal betale ut utbytte etter 2019.
- Viss ikkje styret innrettar seg etter det så er det over og ut for styret, seier Aam.

Samtalar førte ikkje fram

Aam understrekar at han ikkje ønskjer å kaste styret, og seier at dei største aksjonærane i selskapet - Ørsta, Herøy og Volda - har arbeidd for å få styret til å snu. Det er framleis målet.
Så seint som mandag denne veka hadde styret spørsmålet om utbytte opp til behandling, men skifta ikkje syn.
Dermed tydde Ørsta, Volda og Herøy, som til saman eig 53 prosent av aksjane, til eit utsetjingsforslag på dagens generalforsamling.

Det gir tid for styret til å endre syn og tilrå utbyttet, eventuelt å kalle inn til ekstraordinær generalforsamling og velje eit nytt styre.
Styret i Tussa har foreslått å behandle spørsmålet om eit eventuelt utbytte frå selskapet på ei ekstraordinær generalforsamling til hausten. Det godtek ikkje Aam. Han vil ha eit vedtak om utbytte innan utløpet av første halvår.

Må ha pengane

- Kommunane har ikkje råd til å forlise desse pengane, seier Stein Aam.
Han viser til aksjonæravtalen om 60 prosent utbytte av gjennomsnittsresultatet siste tre år, og at kommunane ut frå den har budsjettert med ei utbytteutbetaling for 2019.
Tussa hadde eit resultat etter skatt på 98 millionar kroner i 2019. Gjennomsnittsresultatet for 2017-2019 tilseier eit utbytte på 43,6 millionar kroner etter 2019.
Etter 2018 betalte Tussa ut 39,5 millionar kroner i utbytte.

Viss ikkje styret innrettar seg etter det så er det over og ut for styret

Publisert: 15.06.2020 14:59

Sist oppdatert: 08.04.2021 17:09