Underskott i foerste driftsaar for Farstad
NY START: Sverre Andreas Farstad (innfelt) starta opp at med offshorereiarlag i fjor og inviterte til dåp av forsyningsskipet på Skansekaia. 
Nytt

Underskott i første driftsår for Farstad

Aksjonærane har hjelpt Ålesund-reiarlaget over koronakneika.

Marius Rosbach
14.10.2020

Offshorereiarlaget som Sverre Farstad starta opp att i fjor, fekk overskott på drifta – men rekneskapen enda likevel i minus for 2019.

Det kjem frå av årsrapporten frå reiarlaget Sverre Farstad & Co.

Selskapet blei starta opp om våren 2019 og inntektene enda på drygt 25 millionar kroner. Drifta gjekk drygt to millionar i pluss, men rente- og finanskostnader gjorde at resultat før skatt blei på knappe 1,5 millionar (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil).

Sikra kontrakt i minst eitt år
Reiarlaget med kontor i dei tidlegare Farstad Shipping-lokala i Ålesund sentrum, har eitt skip, PSV-en Farland. Forsyningsskipet er kalla opp etter det første skipet til det tidlegare familieeigde reiarlaget.

Etter at Farland blei lagt i opplag ein periode i vår, sikra reiarlaget seg tidleg i haust ei kontrakt på minst eitt år for Chrysaor i britisk sektor. Oppdraget kan bli utvida til tre år om alle opsjonar blir innfridd.

I årsrapporten for 2019 blir det vist til at kontrakten vil sikre ein positiv kontantstraum dei neste 12 månadene.

Har fått lån og støtte over kneika
Styret viser til at koronapandemien har ført til ein usikker situasjon og stor økonomisk usikkerheit. Kortsiktige behov for likviditet har vore løyst ved at aksjonærane har stilt med lån.

For å sikre at selskapet har god nok eigenkapital, vil aksjonærane støtte selskapet vidare ved behov, ifølgje årsrapporten datert i midten av september.

Reiarlaget ser på moglegheita for å søke finansiering eksternt, og dei har fått støtte frå kompensasjonsordninga som gir hjelp til bedrifter med sviktande inntekt som følgje av koronapandemien.

Vurderer batteripakke om bord
Reiarlaget har inngått ein avtale om å lease Farland-skipet i to år. Det kosta kring 11 millionar i renter og avdrag i fjor. Mannskap blir leigd inn frå Sverre Farstad Crewing AS.

I årsrapporten skriv styret at dei har tru på større etterspurnad etter olje når krisa i verdsmarknaden er over. Dei påpeiker at Farland-skipet er mellom dei nyaste PSV-ane i marknaden og dei trur difor skipet vil vere attraktivt. Dei vil også vurdere å installere batteripakke om bord for å gjere skipet meir konkurransedyktig.

Sverre Farstad-selskapet Saf Invest II eig 51 prosent av selskapet, medan Roger Halsebakk-selskapet Ronja Capital eig 49 prosent av aksjane.

Les også: Farland har fått oppdrag i Russland

Tilbake frå pionertokt etter verdifulle mineral

Vil ikkje kalle offshorereiarlag for «dødsbu»


Sverre Farstad & Co. AS

Årsresultat (i mill kr)

2019

2018

Driftsinntekter

25,4

Driftsresultat

2,1

Res. før skatt

-1,8


Publisert: 14.10.2020 16:16

Sist oppdatert: 05.08.2021 14:46