Uro mellom tillitsvalte i Kongsberg Maritime
Dei tillitsvalte ved Kongsberg Maritime-avdelinga i Ulsteinvik er uroa for arbeidsplassane ved bedrifta. 
Nytt

Uro mellom tillitsvalte i Kongsberg Maritime

Fryktar konsekvensane av at titals arbeidsplassar truleg forsvinn frå Ulsteinvik.

Marius Rosbach
09.09.2020

Tillitsvalte frå Negotia, Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon (NITO), Tekna, Forbundet for Ledelse og Teknikk (FLT) og Fellesforbundet fortel til Vikebladet at dei er uroa for konsekvensane av at arbeidsplassar ved avdelinga i Ulsteinvik forsvinn.

Sverre Thorsø som er klubbleiar i Fellesforbundet, fortel til avisa at det er planar om å flytte delar av arbeidet ved maskineringsavdelinga til utlandet. Det vil råke nærare 20 tilsette direkte, og fleire indirekte. Thorsø er også kritisk til om konsernet vil spare pengar på eit slikt grep.

Toppsjefen stadfestar strategien
Administrerande direktør Egil Haugsdal i Kongsberg Maritime stadfestar til avisa at dei har lagt ein strategi som betyr at maskinering av standardprodukt skal settast ut.

Han fortel at dei slit med lønsemda i produksjonen i Ulsteinvik, men at propulsjon er eit kjerneområde dei vil satse vidare på.

– Kongsberg Maritime er ei lønsam verksemd fordi vi vel kva vi skal vere best til. Vi prioriterer vår innsats mot framtidsretta produkt og løysingar som styrkar kundane våre. Vi vil alltid stå for den kritiske delen av produksjonen som er viktig for å sikre kvalitet og beskytte IP-rettigheiter, men vi gjer ikkje alt sjølve, og maskinering av standardkomponentar er eit typisk eksempel på produksjon som vi er tente med å setje ut, seier Haugsdal til Vikebladet.

Mange færre tilsette siste åra
NETT NO omtala i vår omstillinga som var sett i verk ved avdelinga i Ulsteinvik. Allereie då var det klart at det truleg vil føre til kring 30 færre årsverk ved avdelinga. Etter det NETT NO kjenner til, er planen at endringane skal vere gjennomført innan tre år.

«Det er ikke snakk om noen brå endring, men en langsiktig omstilling der målet er å få opp volumet i produksjonen», opplyste kommunikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime den gong.

Konsernet har dei siste åra slanka organisasjonen betydeleg og mange har mista jobbane sine, eller teke sluttpakke.

Ordreinngangen til Kongsberg Maritime fall frå 4,9 milliardar kroner i 2. kvartal 2019 til 3,9 milliardar kroner i 2. kvartal 2020, viste Kongsberg Gruppen sin kvartalsrapport for 2. kvartal 2020 i sommar.

Les også: Inntektsfall i Kongsberg Maritime

Flere Kongsberg-permitteringer

Publisert: 09.09.2020 23:12

Sist oppdatert: 01.07.2021 09:55