USA stoette til Hexagon prosjekt
GASS: Hexagon sine høgtrykkstankar som no er i bruk i California.
Nytt

USA-støtte til Hexagon-prosjekt

Skal finne ut korleis kostnadene kan reduserast ved lagring av hydrogen og naturgass.

22.07.2020
Ålesund-baserte Hexagon Composites har fått 24 millionar kroner i støtte med U.S Department of Energy til å forske på korleis bruken av karbonfiber og komposittstrukturar kan redusere kostnadene ved lagring og bruk av hydrogen og naturgass.
Hexagon sitt prosjekt vart valt ut blant ei rekkje andre prosjekt, oppyser selskapet i .
Totalt vart det gitt støtte til 18 prosjekt som skal sjå på korleis ein kan forbetre produksjonen, lagring, distribusjon og bruk av hydrogen.

Ned i detaljane

U.S Department of Energy støttar innovasjon til å produsere, lagre of utnytte hydrogen innanfor mange ulike sektorar, opplyser Hexagon.
- Støtten vil gjere det muleg for vårt team å dykke ned i detaljar for å finne ut korleis vi kan redusere tank-kostnader utan å kompromisse med sikkerheita.
- Dette er eit stort steg framover mot null- og lavutsleppskøyrety i stor skala, seier Rich Rashilla, forskings- og utviklingsdirektør i Hexagon.

Børsvinnar

Selskapet opplyser i pressemeldinga at prosjekta som har fått støtte vil gå over fleire år med mål om å utnytte fordelane meir bruk av hydrogen kan ha for amerikansk økonomi.
Hexagon-aksjen er av dei største vinnarane på børsen siste månadene. Siste tre månadene har aksjekursen stige med 80 prosent, og selskapet vert no prisa til over ni milliardar kroner.

Publisert: 22.07.2020 08:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00