Usikker etter koronaoppsving
LØNSAM BEDRIFT: Takrenneprodusenten Grøvik Verk har ikkje hatt ein driftsmargin på under 10 prosent sidan 2001. 
Nytt

Usikker etter koronaoppsving

Då koronaepidemien kom gjekk salet opp. Hittil i år ligg takrenneprodusenten Grøvik Verk føre skjema, men sjefen er usikker på resten av året.

25.06.2020
- Det har gått bra til no og det var ein overraskande oppsving i mars, april, mai, seier dagleg leiar og eigar Kåre Liadal jr om starten på 2020.
Han er likevel usikker på korleis 2020 vil ende, fordi nybyggingstakta i bustadmarknaden går ned.
Færre nybygg betyr færre takrenner, men erfaringar frå tidlegare nedturar i nybyggingstakta er at det då blir eit oppsving i rehabiliteringar - som dreg etterspørselen etter takrenner opp.

God butikk

Ikkje sidan 2001 har Grøvik Verk hatt ein driftsmargin på under 10 prosent. Driftsmarginen er driftsresultatet i prosent av driftsinntektene. I 2018 blei den hårfint under 20 prosent, nesten på line med rekordåret 2015.
I fjor var driftsmarginen 13 prosent.
Etter tre år på rad utan utbytte betalte Grøvik Verk to millionar i utbytte etter 2018 og tre millionar etter 2019.
Selskapet sysselset 24 årsverk.

Publisert: 25.06.2020 08:51

Sist oppdatert: 31.05.2021 09:51