Nytt
Ut av opplag på Moltu og Eidså
Supplyskipet Hermit Horizon vert tatt ut av opplag på Eidså, medan Hermit Galaxy forlet snart Moltu.
Marius Rosbach
11.01.2021
Dei to Ulstein-bygde supplyskipa skal støtte riggen COSLInnovator i samband med boring av to til tre brønnar for Chrysaor på norsk sokkel.
Det er Herøy-selskapet Remøy Shipping som har det tekniske og kommersielle ansvaret for dei to skipa, inkludert ytterlegare seks skip. Fleire av skipa har norsk mannskap.
To av ti skip er bygd hos Vard, resten av Ulstein Verft.
Finansavisen skriv at storbankane DNB og SEB i fjor haust overtok heile supplyflåten til konkursråka Hermitage Offshore og la flåten inn i selskapet Pearl Bidco.
Ved utløpet av 2020 låg fire av ti skip i opplag.
Oppdragsgivar er Ross Offshore og oppstart er mellom 15. februar og 15. mars.
Det er Herøy-selskapet Remøy Shipping som har det tekniske og kommersielle ansvaret for dei to skipa, inkludert ytterlegare seks skip. Fleire av skipa har norsk mannskap.
To av ti skip er bygd hos Vard, resten av Ulstein Verft.
Overtatt av bankar
Skipa vart først kjøpte av Herbjørn Hansson og Nordic American Offshore (NAO), men vart seinare selde til Hermitage Offshore, som var børsnotert i New York.Finansavisen skriv at storbankane DNB og SEB i fjor haust overtok heile supplyflåten til konkursråka Hermitage Offshore og la flåten inn i selskapet Pearl Bidco.
Ved utløpet av 2020 låg fire av ti skip i opplag.
Oppdragsgivar er Ross Offshore og oppstart er mellom 15. februar og 15. mars.
Publisert: 11.01.2021 16:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:11